English version

Teknologi og berekraft

Vi forskar på den plassen ulike produkt har i forbrukskulturen, forholdet mellom teknologi og samfunn og miljøpåverknaden frå ulike typar forbruk.

Forskingsgruppa Teknologi og berekraft ved Forbruksforskingsinstituttet SIFO arbeider med to av dei sentrale temaa i det moderne samfunnet: Berekraft og digitalisering.

Auka forståing for produkta sin plass i forbrukskulturen og i forhold til miljø er viktige mål for arbeidet i gruppa. Forholdet mellom teknologi og samfunn, og ulike innfallsvinklar til studiar av materiell kultur står dermed sentralt. Miljøpåverknaden av ulike typar forbruk og føresetnadene for ein berekraftig praksis er viktige problemstillingar. Forskarane i gruppa studerer forholdet mellom tempoet i forbruket, og dermed i avfallsproduksjonen og miljøbelastninga, og praksisen og forståinga til forbrukarane.

Teknologi og digitalisering utgjer ein sentral og stor del av kvardagslivet i det moderne samfunnet. Korleis vi som forbrukarar tenkjer om dette – kva moglegheiter er det, kva er risikoane og kven har ansvaret er sentrale spørsmål. I denne samanhengen er det også viktig å finne ut av og forstå korleis samfunnet generelt og forbrukarane spesielt er tenkte inn i innovasjonsprosessen av framtidige produkt og løysingar. Styrken i gruppa ligg i ei brei fagleg og metodisk breidd som blir retta mot det å forstå dagleglivet sine praksisar og den måten ulike produkt inngår i desse.

Kontakt oss

Laster inn ...
  • Medlemmer

    Laster inn ...