Inneklima i kontorlandskap kan påverke helsa

Kontorlandskap med medarbeidarar som arbeider tett i tett, og har ulik blikkretning og energi

I den vestlege verda er kontor av dei mest vanlege arbeidsplassane, og det har vore ein tydeleg trend bort frå cellekontor der ein sit for seg sjølv til opne kontorlandskap for å spare kostnader.

Målet med ein studie gjennomført av forskarane Therese Nitter Moazami frå OsloMet, og Tom Sterud frå STAMI, var å undersøkje korleis ulike kontortypar påverkar opplevinga av inneklima og helse.

Tilsette i delte kontor og opne kontorlandskap opplevde oftare dårleg inneklima enn dei som sat for seg sjølv i cellekontor. Dei dårlegaste tilhøva blei rapportert frå såkalla fleksible kontorlandskap og kontorløysingar med over 24 personar.

Fleksible kontorlandskap er ein type kontorløysing der tilsette ikkje har faste arbeidsplassar, men i staden deler eit felles kontorareal med andre, og finn seg ein ledig plass kvar gong dei kjem på jobb. Dette er også kjend som "free seating", fleksible arbeidsplassar eller "clean desk".
 

Fakta


Studien analyserte data frå 7968 norske kontorarbeidarar. 

Alle deltakarane hadde minimum 50 prosent av arbeidsdagen sin på kontor, og data vart samla inn av Statistisk sentralbyrå i 2016 og 2019.

Fleire helseplager i landskap

– Dårlege inneklimaforhold som tørr luft, trekk og dårleg ventilasjon var sterkt knytt til auka risiko for sjølvrapporterte luftvegsplager og hovudpine, fortel Therese Nitter Moazami.

– Kombinasjonen av dårleg inneklima og delte kontorlandskap førte til litt auka førekomst av helseplager samanlikna med dei som sat på cellekontor åleine, og som også rapporterte om dårleg inneklima.

Forskarane understrekar at sjølv om delte kontorlandskap i seg sjølv ikkje nødvendigvis fører til helseplager, spelar inneklimaet ei avgjerande rolle.

Kvifor er inneklimaet dårlegare i delte kontor?

Moazami peikar på fleire moglege årsaker til at inneklimaet kan oppfattast som dårlegare i opne kontorlandskap. Det dreiar seg til dømes om

Moazami forklarer vidare:

– Det er ofte mykje vanskelegare å ventilere store rom enn mindre cellekontor. Utilstrekkeleg ventilasjon kan også auke risikoen for at smittsame sjukdomar spreier seg.

Klimatiltak for eit betre arbeidsmiljø

For å redusere helseplager og betre inneklimaet i delte kontorløysingar, foreslår forskarane fleire tiltak:

Forskarane understrekar også at løysingane må tilpassast kvar enkelt arbeidsplass, sidan utfordringane varierer frå yrke til yrke. Det er også verd å merke seg at om inneklimaet vert rekna som godt, er skilnaden på opplevde helseplager mellom delte kontor og åleinekontor nærast uvesentleg.

Kontormedarbeidere sitter konsentrert og tett i kontorlandskap

Meir individuell kontroll kan betre inneklimaet, og arbeidsmiljøet. Foto: Therese Alice Sanne/VG/NTB

Påminning om kor viktig inneklimaet er

Studien legg vekt på kor viktig eit godt inneklima er for helse og trivsel på arbeidsplassen. Sjølv om delte kontorlandskap kan vere kostnadseffektive med tanke på material- og energiforbruk, kan dårleg inneklima vere ei belastning for dei tilsette.

– Når tilsette har god kontroll over inneklimafaktorar og moglegheita til å tilpasse arbeidsmiljøet sitt, aukar tilfredsheita og dermed også produktiviteten, seier Moazami, som meiner at denne forskinga kan gje verdifull innsikt for arbeidsgjevarar og arkitektar som ønskjer å skape betre arbeidsplassar for framtida.

Ho legg også til at sjølv om ein sparer energi ved å late fleire dele eit mindre areal, er lønnskostnader ofte den høgaste utgifta på ein kontorarbeidsplass. Redusert produktivitet og auka misnøye blant tilsette kan derfor fort bli mykje dyrare enn dei kronene ein sparer med tanke på til dømes energi eller areal.

Referanse

Therese Nitter Moazami, Tom Sterud: Self-reported indoor climate in shared vs. private offices and its effects on headache and respiratory symptoms in Norwegian office workers (sciencedirect.com). Elsevier, Indoor Environments, Volume 2, Issue 3, September 2025, 100118.

Kontakt

Laster inn ...

Meir om inneklima

Bilde av en smilende masterstudent Marianne Christiansen, med Campus Pilestredet på OsloMet i bakgrunnen.
Blir ekspert på miljøvennlige bygg

Bygninger står for 40 prosent av all energibruk, og 36 prosent av alle klimagassutslipp. Marianne tar master i hvordan bygg kan bli mer bærekraftige.

Bildet viser Heidi Marie Eide og Kenneth Skriden fra Swegon, og Peter Geoffrey Schild og Nils Ledermann fra OsloMet i ventilasjonsteknisk rom. De peker mot ventilasjonsløsninger i taket, og smiler.
Slik lærer studentene det nyeste om inneklima

Swegon sørger for at studentene får bruke moderne inneklimaløsninger med å levere et komplett system til laben på OsloMet.

Tanja Storsul og Jame Lee holder fram signert samarbeidsavtale
LG og OsloMet i samarbeid om å utvikle varmepumper

OsloMet går i samarbeid med storselskapet LG Electronics om å utvikle varmepumper for svært kaldt klima.

Publisert: 22.09.2025
Sist oppdatert: 26.09.2025
Tekst: Olav-Johan Øye
Foto: Therese Alice Sanne/VG/NTB