Kommunane treng fleire verktøy for å nå måla om ein heilskapleg bustadpolitikk, ifølgje KS (2024). Den nye bustadmeldinga (Meld. St. 13 (2023–2024)) antydar at nye kjøpsmodellar kan vere eit nyttig virkemiddel. Dette prosjektet skal undersøkje korleis desse modellane kan bidra til å styrkje innsatsen i kommunane mot lokale bustadsosiale utfordringar.
Prosjektet skal vurdere kvalifikasjonane til bustadkjøpsmodellane for å bidra til betre måloppnåing i bustadpolititikken i tre konkrete kommunar. I prosjektet skal kommune og forskarar saman vurdere om og på kva måtar dei nye bustadkjøpsmodellane kan brukast systematisk for auka måloppnåing på kort og lang sikt.
Kommunane er forventa å sjå sitt bustadpolitiske ansvar i ein større samanheng og å forme ut ein heilskapleg bustadpolitikk. Prosjektet skal gi ei grundig og praksis-nær vurdering av om og på kva måtar dei nye modellane kan vere eigna i denne samanhengen. Prosjektet skal
- vurdere målgruppene til modellane i dei medverkande kommunane og lage ein skjematisk framgangsmåte for berekningane av desse.
- vurdere konsekvensar av lokal oppskalering av modellar for dei langsiktige strategiane til kommunane, for å nå dei bustadpolitiske målsetjingane sine – inkludert å få lokale bustadutviklarars kommersielle vurdering av slik oppskalering.
- gi ei eksplisitt vurdering av korleis modellane kan sampille med dei lovpålagde innsatsane i kommunen overfor vanskelegstilte på bustadmarknaden, inkludert bruk av startlån og bustøtte og vurderingane til kommunane av nytta av slikt samspel.