Mennesker med språk- og kommunikasjonsvansker er i større grad utsatt for vold og overgrep, men de får ofte ikke mulighet til å forklare seg for politiet.
Om prosjektet
I dette prosjektet får politietterforskarar opplæring i bruk av alternativ og supplerande kommunikasjon, slik at dei kan avhøyre fornærma personar som ikkje kan forklare seg med talespråk åleine.
Føremålet med forskingsprosjektet er å undersøkje politibetjentar sine opplevingar og erfaringar med avhøyr av personar som heilt eller delvis manglar talespråk. Slike avhøyr kan i nokre tilfelle gjennomførast ved hjelp av alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK-avhøyr), men dette fører òg med seg praktiske og juridiske utfordringar. I prosjektet vert det undersøkt kva moglegheiter og utfordringar som finst, sett frå politibetjentane sitt perspektiv.
Forskingsmetoden i prosjektet er kvalitativ, med vignettbaserte fokusgruppeintervju og individuelle intervju. Politibetjentar vart intervjua like etter at dei hadde fullført kurset, og dei blir intervjua igjen eitt år seinare, når dei har gjennomført ASK-avhøyr på eiga hand.
Vidare har prosjektet vorte presentert på ISAAC-konferansen på Gardermoen og på EAMHID-konferansen i Ghent, Belgia, i 2025, og det vil òg bli presentert på Hell-konferansen i november 2026.
Publikasjonar: