English version

Er deltakande demokrati i stor skala mogleg?

Har du nokon gong lurt på kva som vil skje viss folket blir gitt makt til å bestemme direkte over politikken?

Mange vil seie at dette er ein rein fantasi og at ein slik type direkte eller deltakande demokrati aldri kan fungere i store og komplekse samfunn som vårt eige. Dette synet er ikkje berre utbreidd i allmenta, men også djupt forankra i samfunnsvitskapane. Men stemmer det?

Demokratiske innovasjonar

Det representative demokratiet er under aukande press i mange land. Både forskarar og innbyggarar har begynt å sjå til «demokratiske innovasjonar» – politiske ordningar som gir innbyggarane større innflytelse i avgjerdsprosessar – som svar på denne utviklinga.

Demokratiteorien har likevel lenge vore basert på oppfatninga om at brei folkeleg deltaking ikkje let seg gjennomføre i stor målestokk, på grunn av hindringar knytte til kommunikasjon, kompleksitet og kollektiv handling. 

Det finst praktiske forsøk som rokkar ved dette bildet, som deltakande budsjettering på delstatsnivå i Brasil, vTaiwan-plattformen og arbeidarkooperativet Mondragón. Forskinga har likevel i liten grad systematisk undersøkt korleis desse eksempla faktisk overvinn hindringane.

Eit grunnlag for ei større forskningssatsing

Dette forskingsprosjektet legg det empiriske og organisatoriske grunnlaget for ei større forskingssatsing på demokratisk innovasjon i stor målestokk. Prosjektet skal:

  1. Gjennomføre ein strukturert komparativ analyse av case frå Participedia-databasen, med vekt på korleis kvart enkelt handterer deliberasjon i stort omfang, kompleksitet og kollektiv handling
  2. Velje ut case for djupnestudiar
  3. Etablere eit forskingskonsortium ved OsloMet med internasjonale partnarar, som skal utarbeide ein FRIPRO-søknad til Noregs forskingsråd

På denne måten bidrar prosjektet til OsloMets tematiske satsing «Eit slitesterkt demokrati» gjennom styrkt forsking på deltaking, tillit og demokratisk motstandskraft.