Farmasøytintervensjonar for å fremme rett bruk av astma- og kolslegemiddel

I dette ph.d.-prosjektet vil vi undersøke korleis apotekfarmasøytar, gjennom strukturerte intervensjonar, kan bidra til betre og rettare bruk av astma- og kolslegemiddel.

Mange astma- og kolpasienter bruker inhalasjonslegemidla sine feil, har låg etterleving eller får behandling som ikkje er optimal.

Astma og kronisk obstruktiv lungesjukdom (kols) er knytt til stor vanhelse, redusert livskvalitet og høge helsekostnader. Behandlinga av astma og kols blir basert på inhalasjonslegemiddel som må tilpassast kvar enkelt pasient for optimal effekt.

Effekten av legemiddelbehandlinga blir likevel avgrensa av feil bruk av inhalasjonslegemiddel, låg etterleving og mangelfull tilpassing av behandlingsregime til sjukdomsutvikling og behandlingsrespons.

Målet med dette prosjektet er å få kunnskap om korleis apotekfarmasøytar kan bidra til rettare bruk av astma- og kolslegemiddel.

Prosjektdeltakarar

Laster inn ...

Meir om prosjektet

Farmasøytar har, med fagkompetansen sin og jamleg kontakt med legemiddelbrukarar, ei unik moglegheit til å følgje opp behandlinga av astma- og kolspasientar.

Det har dei seinare åra blitt utvikla ei rekke farmasøytintervensjonar som skal fremme etterleving og sikre rett bruk av legemiddel mot astma og kols.

Dokumenterte tiltak som aukar etterleving omfattar blant anna opplæring i legemiddelbruk, samtaler baserte på motiverande intervju, e-helseintervensjonar og legemiddelgjennomgang.

Prosjektet er planlagt som eit doktorgradsprosjekt og vil bestå av tre arbeidspakker (AP):

  • AP 1: Bruk av astma- og kolslegemiddel og apotektenesta Inhalasjonsveiledning
  • AP 2: Pasientars ønske, behov og forventningar til oppfølging av astma- og kolsbehandling
  • AP 3: Farmasøytintervensjon for å fremme rett bruk av astma- og kolslegemiddel