English version

Frå busetjing til vaksenliv. Ein studie av tenestekjeda for einslege asylsøkjarar

Forskingsprosjektet skal gi oppdatert kunnskap om tenestetilbodet til unge flyktningar som har komne som einslege mindreårige asylsøkjarar og som blir busett i norske kommunar.

Om prosjektet

Imdi ønskjer oppdatert kunnskap om tenestetilbodet til einslege mindreårige flyktningar som blir busette i norske kommunar. Det overordna formålet med prosjektet er å danne grunnlag for eit betre tenestetilbod til denne gruppa.

Oppdragsgivar ønskjer at dette blir gjennomført som ein studie av tenestekjeda som møter personar som har komme til Noreg som einslege mindreårige, heile vegen frå vedtak om opphaldsløyve er fatta og til dei har gått gjennom overgangen til vaksenlivet og er i tyveårene.

Prosjektet skal skaffe til vegar kunnskap om busetjingsarbeidet, rolla, bu- og omsorgstilbodet til verja, utdanningsløp og overgangen til vaksenliv med vekt på å få klargjort tenestekjeda ut frå dei unge flyktninganes eigne erfaringar og perspektiv.

Imdi definerer målgruppa for forskingsprosjektet som «personar som kom til Noreg som einslege mindreårige asylsøkjarar og som har vorte busett i norsk kommune, inkludert dei som er over 18 år når dei blir busette og personar som har ID-avgrensa opphaldsløyve ».

Dette omfattar barn og unge som blir busette både frå mottak (UDI) og frå omsorgssenter (Bufetat).

Prosjektet er eit samarbeid mellom Institutt for samfunnsforsking (prosjekteigar) og NIBR og NOVA ved OsloMet.