Ph.d.-prosjektet undersøker korleis førsteklassingar utviklar mottakarbevisstheit når lærarane legg til rette for ei leikprega skriveopplæring.
Hovudmålet med prosjektet er å bidra til empirisk kunnskap om korleis førsteklassingar skriv for eit reelt publikum, korleis dei utviklar ei bevisstheit for eit publikum, og korleis lærarar kan støtte elevane sine i denne utviklinga gjennom eit lekpreget og mottakarorientert undervisning.
Norsk og internasjonal forsking viser at skolestartarar får svært ulike skrivemoglegheiter når dei begynner på skolen. Sluttrapporten for evalueringa av seksårsreforma (Bjørnstad et al., 2024) skisserer ein “skriveopplæring i motbakke” og finn at det er lite skriving haustsemesteret i førsteklasse.
Samtidig indikerer funn at lærarar som let elevane skape eigne tekster i klasserommet får auka skrivekompetanse, også når det gjeld tekniske ferdigheiter (Bingham et al., 2017).
Metode
Prosjektet er praksisnært og blir gjennomført i samarbeid med lærarar på 1. trinn. Det er fokus på plassen til den funksjonelle skrivinga i leiken og leikens plass i den funksjonelle skrivinga.
Eksempel på tekster kan vere brev, invitasjon, forskingsrapport, søknad o.l. Det blir lagt til rette for ulike rammeleikar som butikk-, sjukehus- eller restaurantleik.
Lærarane gjennomfører undervisninga, mens forskarane er deltakande observatørar og samlar inn tekstene til elevane, tar bilde og filmar med GoPro-kamera. Gjennom intervju med lærarane deler dei erfaringane sine med skriveundervisning og korleis dei opplever den funksjonelle og leikande skriveopplæringa.
Hanna Hanna Myklebust Våland sine publikasjonar (nva.sikt.no).
Randi Solheim (NTNU)