English version

Konsulentbistand til eit utgreiingsprosjekt om bustadmarknaden og bustadpolitikken i Noreg, sett i eit internasjonalt perspektiv

I dette prosjektet blir den norske bustadmarknaden og norsk bustadpolitikk samanlikna med tilsvarande i Sverige, Danmark, Austerrike, Storbritannia, Nederland og Tyskland.

I dette prosjektet samanliknar vi sentrale trekk ved den norske bustadmarknaden og den norske bustadpolitikken med tilsvarande i seks andre land: Sverige, Danmark, Austerrike, Storbritannia, Nederland og Tyskland med særskild vekt på dei tre første. Samanlikninga vil inngå i departementet sitt arbeid med den komande meldinga til Stortinget om den bustadsosiale politikken.

Vi undersøkjer kva for nokre grunnleggjande tilnærmingar og tradisjonar dei ulike landa har til kva som er rolla til det offentlege i bustadmarknaden (i samspelet med rolla i marknaden, det personlege ansvaret til den enkelte, målgrupper), og korleis ulike verkemiddel blir brukt saman for å løyse bustadsosiale utfordringar.

Særskild vekt blir lagd på å undersøkje i kva grad og korleis dei ulike landa fremjar bustadeige blant grupper med låg inntekt eller som på andre måtar er rekna som vanskelegstilte på bustadmarknaden.

I tillegg vil vi innhente statistikk om bustandard og buutgiftsbelastning for å samanlikne buforhold for ulike grupper i dei sju landa, og dessutan samanliknande statistikk om vesenet og virkemåten til bustadmarknaden, under dette skattar, subsidiar og bustadsosiale ordningar. 

  • Prosjektdeltakarar

    Laster inn ...