Kunnskapsprogram om Ukraina for norske kommunar

Prosjektet «Kunnskapsprogram om Ukraina for norske kommunar (KOM-UKRA)» skal gi norske kommunar og fylkeskommunar eit solid kunnskapsgrunnlag for å utvikle målretta og berekraftige partnarskap med ukrainske kollegaer.

Prosjektet er utforma for å komplementere KS’ kommunesamarbeidsprogram, som blir finansiert av Norad gjennom Nansen-programmet, ved å tilføre ein kunnskapskomponent basert på systematisering og innhenting av oppdatert kunnskap om ukrainsk lokalforvaltning.

Om prosjektet

I samarbeid mellom NIBR/OsloMet, KS, Kyiv School of Economics og Association of Ukrainian Cities vil prosjektet

Per september 2025 deltar 37 norske kommunar og fem fylkeskommunar i KS’ nettverk for kommunesamarbeid med Ukraina. Denne utviklinga reflekterer eit sterkt lokalt og regionalt engasjement, men også eit tydeleg kunnskapsbehov. 

Dei norske aktørane manglar systematisert innsikt i korleis ukrainske kommunar fungerer under krig og gjenoppbygging, korleis forholdet mellom sentralt og lokalt nivå og mellom sivile og militære myndigheiter blir handterte, og korleis praktiske utfordringar som bemanning, samarbeid med sivilsamfunn og tenestelevering blir løyst under ekstraordinære forhold. 

Prosjektet vil møte desse behova og samtidig bidra til den sivile delen av Nansen-programmet, der lokal forankring og samspelet mellom sentralt og lokalt nivå er nøkkelfaktorar for ei vellykka gjenoppbygging

Prosjektdeltakarar

Laster inn ...

Eksterne samarbeidspartnarar

Laster inn ...