English version

Kunstig intelligens-driven utforsking i tverrfaglege prosjekt med KRLE (KIDU)

Ph.d.-prosjekt som utforskar korleis kunstig intelligens kan brukast i skolen på måtar som inviterer elevar til aktiv utforsking og dialog som ein nyttig samtalepartnar i KRLE.

Korleis kan kunstig intelligens brukast i skolen på måtar som inviterer elevar til aktiv utforsking og dialog, framfor passiv bruk? Prosjektet undersøker korleis KI kan bli ein nyttig samtalepartnar for ungdomsskoleelevar i KRLE, der samarbeid og dialog står sentralt.

Forskingsprosjekt som utforskar korleis kunstig intelligens kan som støtte i skolearbeid. Eit viktig utgangspunkt er at læring skjer gjennom dialog og samarbeid, både mellom elevar og i samspel med KI. Derfor arbeider elevar saman i grupper, der samtala rundt skjermen og dialogen med KI er ein sentral del av læringsprosessen. 

Målet med prosjektet er å finne ut korleis KI kan fungere som ein pedagogisk sparringspartnar for elevar på ungdomssteget i tverrfaglege prosjekt med KRLE. Prosjektet er relevant for lærarar, skolar, lærarutdanning og andre som er opptatte av god og ansvarleg bruk av KI i skolen.

Prosjektet undersøker tre forskingsspørsmål:

I prosjektet blir KI brukt i ulike roller, blant anna som støtte i planlegging av prosjektarbeid, som samtalepartnar i møte med fagstoff, i roller som historiske eller religiøse personar for å utforske ulike perspektiv, og som bildegenerator der elevar lagar visuelle uttrykk. 

Metode

Forskingsdesignet bygger på pedagogisk designforsking, og utviklar læringsaktivitetar i samarbeid med lærarar, som blir prøvde ut i klasserom på ungdomssteget. Læringsaktivitetane blir testa, blir justerte og forbetra undervegs basert på erfaringar frå undervisninga og observasjonar av arbeidet til elevane.

Simon Simchai Hansen sine publikasjonar (nva.sikt.no).

Rettleiarar

Laster inn ...