I dette ph.d.-prosjektet undersøkte vi både gjennomførlegheita og effekten av å bruke ein app til å overvake og gi individuell oppfølging til pasientar som hadde delteke i hjarterehabilitering.
Etterleving av både medikamentell og livsstilsbasert behandling ved ikkje-smittsame sjukdommar utgjer ei stor global utfordring.
Manglande etterleving medfører store samfunnskostnader og reduserer helsa og livskvaliteten til pasientane. Hjarte- og karsjukdommar er den leiande årsaka til ikkje-smittsam sjukdom globalt, etterfølgd av kreft, type 2 diabetes og kronisk lungesjukdom.
Hjarterehabilitering reduserer risikoen for nye hjartehendingar og er derfor ein sentral del av behandlinga etter hjartesjukdom. Likevel har mange pasientar vanskar med å oppretthalde livsstilsendringane dei har tileigna seg under rehabiliteringa, og det finst avgrensa kunnskap om langtidseffektane.
Bruk av teknologi, slik som appar, er foreslått som eit verkemiddel for å styrkje etterlevinga av livsstilsendringar etter hjarterehabilitering.
Prosjektdeltakarar
Samarbeidspartnarar
- Lovisenberg rehabilitering, Cathinka Guldbergs sjukehus
- Volvat Nimi