Phd-prosjektet utforskar korleis pedagogiske leiarar i barnehagar utøver leiing i samhandling med medarbeidarane sine i ei mangfaldig kontekst.
Studien tek utgangspunkt i at leiing er ein relasjonell praksis der makt og tillit er i spel når leiarar og medarbeidarar prøver å skape meining saman i det utøvande pedagogiske arbeidet.
Som forskingsmetode bruker studien skygging og intervju. I skygging observerer og følgjer forskaren informanten i dens daglege arbeid.
Prosjektet bygger på tre delstudiar.
- Delstudie ein utforskar kva skygging som metode inneber for forskarrolla i praksisnær forsking. Wiig ser blant anna på korleis forskaren som etnisk norsk forskar og barnehagelærar navigerer mellom nærleik og distanse når ho skygger pedagogiske leiarar i ei mangfaldig barnehagekontekst.
- Delstudie to utforskar korleis pedagogiske leiarar praktiserer leiing på avdelingsnivå og korleis pedagogiske leiarane handterer ulike kunnskapsdiskursar når dei leier medarbeidarar med andre kunnskapsgrunnlag enn dei sjølv.
- Delstudie tre utforskar diskursane om religion og kultur som kjem til uttrykk i barnehagen. Delstudien ser også på kva moglegheiter og utfordringar dei pedagogiske leiarane opplever i handlingsrommet sitt knytte til leiing av kulturelt og religiøst mangfald.
Publikasjonar fra Nina Mellem Wiig (researchgate.net)