Har du nokon gong lurt på kva som vil skje viss folket blir gitt makt til å bestemme direkte over politikken?
Noreg står overfor eit samansett risikobilde for matforsyninga – med låg grad av sjølvforsyning og utfordringar knytte til klimaendringar, geopolitiske spenningar og fragmentert styring som svekker beredskapen. Samtidig må klimagassutsleppa reduserast og det biologiske mangfaldet styrkast.
Noreg treng derfor ei grøn omstilling av matsystema som styrker matsikkerheita og beredskapen både lokalt, nasjonalt og som varetar presserande omsyn til klima og miljø. Dette handlar ikkje berre om auka matproduksjon, men om å transformere geografien og politikken rundt matsystema og synleggjere menneska og kulturen i dei.
Prosjektet
Dette prosjektet er basert på å identifisere utfordringar og kunnskapsbehov knytte til matsikkerheit i den grøne omstillinga. Prosjektet vil fokusere på å etablere eit sterkt, nasjonalt og internasjonalt tverrsektorielt konsortium, og utvikle ein konkurransedyktig forskingssøknad om matsikkerheitsberedskap i norsk kontekst.
Vi vil samle myndigheiter, bedrifter, produsentar, frivillige og forbrukarar i førebuingane til stadsbaserte pilotprosjekt, inkluderande læringsarenaer og open kunnskapsdeling. Her vil styringsutfordringar og samtidige risikoar bli omgjorde til testberre tiltak.
Samtidig vil prosjektet bygge eit kunnskapsfellesskap for å dokumentere og dele metodar, prosessar og indikatorar.
Formål
Formålet med pilotprosjektet er å lage eit system for testing og dokumentasjon av tiltak som kan skalerast og takast i bruk i ei norsk beredskapskontekst, med særleg vekt på styringskapasitet, koordinering og utsleppsreduksjonar.
Dette prosjektet er finansiert av OsloMets tematiske satsing "Grøn omstilling".