Ph.d.-prosjekt som undersøker korleis fenomenet "livsmeistring i skolen" blir uttrykt og forstått i norske læreplanar i perioden 1939-2020. Det inneber å utforske "livsmeistring" som eit pedagogisk-filosofisk fenomen om elevens vêren i verda.
I arbeidet mitt undersøker eg kva livsmeistring i skolen har vore, viser seg å vere i dag og kva det kan vere vidare i skolen.
Eit mål for prosjektet er å bidra til ei utvida forståing av fenomenet "livsmeistring i skolen" i læreplan- og pedagogikkhistorisk samanheng.
I utdanningshistorisk forsking er det i dag få tematiske studiar som går inn i læreplanar og liknande materiale. Prosjektet er eit bidrag til etablering av ei kontekst for kva ’livsmeistring i skolen’ inneber for vidare utvikling som tverrfagleg tema eller eige fag i skolen.
Framstillinga av ’livsmeistring i skolen’ som læreplanfenomen viser korleis nasjonale læreplanar historisk responderer på, formar, tolkar og inkluderer ulike pedagogiske verdiar.
Avhandlinga er eit bidrag innan pedagogikkhistorie.