English version

Pro-sosial åtferd hos rotter

Prosjektet studerte prososial og empatisk åtferd hos rotter ved å ha éi rotte fanga i eit plastrøyr og ei fri rotte som kunne frigjera den fanga rotta.

Den observerte åtferda i det eksperimentelle oppsettet, der den fri rotta opnar døra på plastrøyret og slepp fri den fanga rotta, kan ved første augnekast sjå ut som eit døme på prososial åtferd eller hjelpeåtferd. 

Forskarar har likevel diskutert om døropning verkeleg er empatisk motivert eller om døropning skjer av andre grunnar.

Til dømes fordi rotta på utsida ønskjer sosial kontakt med den fanga rotta – rotta opnar døra fordi dette fører til påskjønninga det er å vera saman med den andre. 

Gjennom studiar med forbetringar av den eksperimentelle prosedyren, har prosjektet undersøkt variablar som kontrollerer frisetjing av den fanga rotta og kva for ei av desse to forklaringane som er mest plausibel.

  • Deltakarar

    Laster inn ...