English version

Seksuelle krenkingar i innvandrarbefolkninga – erfaringar med hjelpesøking og melding

Forskarane skal undersøke om personar i innvandrarbefolkninga som har blitt utsett for seksuelle krenkingar, sjeldnare oppsøker hjelp eller meldar til politiet enn utsette utan slik bakgrunn.

Prosjektet handlar om hjelpesøkings- og meldingsåtferd blant personar i innvandrarbefolkninga som har vore utsett for seksuelle krenkingar/overgrep/valdtekt. Utgangspunktet er ein hypotese om at denne gruppa sjeldnare oppsøker hjelp eller meldar til politiet enn utsette utan slik bakgrunn.

Formålet er å få auka kunnskap om denne vurderinga stemmer, kva som i så fall kan vere årsaker til og konsekvensar av dette, og kva som kan gjerast for at fleire søker hjelp og melder seksuelle overgrep.

Gitt dei avgrensa rammene for prosjektet, vil data hovudsakleg bestå av erfaringar og refleksjonar frå instansar som har kontakt med dei som faktisk har søkt hjelp og/eller meldt, og eventuelt kontakt med personar som har vurdert, men valt bort hjelp/melding. Det vil særleg bli lagt vekt på å få fram faktorar som hemmar eller fremmar at personar i målgruppa oppsøker hjelp og melder.

Oppdraget er forankra i tiltak 32 i handlingsplanen mot valdtekt (2019-2022): Auka kunnskap om innvandrargrupper sjeldnare oppsøker hjelp/melder valdtekt enn andre utsette, og korleis dette eventuelt har innverka på deira liv.

Forskingsdesign

  1. Gjennomgang av relevant foreliggande forsking og statistikk om seksuelle krenkingar og disposisjon til å oppsøke hjelp og/eller melde valdtekt i innvandrarbefolkninga i Noreg, samanlikna med tilsvarande i befolkninga generelt.
  2. Kvalitativ intervjustudie blant relevante tenester i offentleg og sivil sektor som har direkte kontakt med målgruppa.
  3. Intervju med nokre få nøkkelinformantar blant utsette.

Prosjektdeltakarar

Laster inn ...

Samarbeidspartnar

  • Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS)

Publikasjonar