Spektral CT-avbilding – klinisk bruk, konsistens og validitet

Ph.d.-prosjektet skal vurdere om ulike spektrale CT-avbildingsteknikkar gir konsistente resultat med omsyn til jod-kvantifisering.

Prosjektet skal og vurdere om virtuelle CT-bilde gir valide resultat med klinisk meirverdi samanlikna med konvensjonell avbilding. CT er den vanlegaste modaliteten som blir brukt på sjukehus for å diagnostisere skadar eller sjukdom hos pasientar.

For å utføre ei CT-undersøking brukar ein ioniserande elektromagnetisk stråling som kan medføre ein auka risiko for å indusere kreft. Derfor blir det stadig utvikla ny teknologi for å kunne gjennomføre undersøkingar med så låge stråledosar som mogleg. I dei siste åra er det implementert spektral CT på mange sjukehus.

Desse CT-maskinene framstiller diagnostiske bilde på ein annan måte enn dei konvensjonelle CT-maskinene, og gir nye moglegheiter for post-prosessering av CT-bilda. Dette kan gi potensiale for framstilling av bilde med god bildekvalitet og lågare stråledosar.

Produsentar av CT-skannarar har ulike tekniske tilnærmingar til spektral avbilding, men alle bruker teknologi som mogleggjer ei rekke analysar som klassifisering av materiale, virtuell ikkje-kontrast-avbilding, avbilding med reduksjon av metallartefaktar, eller auka attenuasjon av jod ved kontrastmiddel-undersøkingar.

På grunn av implementeringa av denne teknologien på sjukehus, er det viktig å undersøke om CT-bilda er konsistente mellom ulike skannarar, og valide samanlikna med konvensjonell CT-avbilding.

Prosjektet skal utføre tre studiar på antropomorfe fantom/modellar som har eigenskapar tilsvarande menneskeleg attenuasjon av stråling. Ein studie er ein klinisk studie. Vi vil bruke ulike objektive og subjektive kvantitative målemetodar på studia.

Prosjektdeltakarar

Laster inn ...