English version

Evaluering av tilskotsordning for humanitære tiltak retta mot EØS-borgarar som kjem til Noreg for å tigge

NOVA fekk i oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet å gjennomføre evalueringa av tilskotsordninga for humanitære tiltak retta mot EØS-borgarar som kjem til Noreg for å tigge.

Tilskotsordninga for humanitære tiltak til tilreisande EØS-borgarar som tigg, blir forvalta av Justis- og beredskapsdepartementet. Det er i hovudsak frivillige organisasjonar som har fått innvilga støtte til tiltaka sine.

NOVA fekk i oppdrag å gjennomføre evalueringa som skulle omfatte tiltak i 2016 og fokusere på følgjande tema:

  1. Vurdere effekten av dei tiltaka som blir gjennomførte, og identifisere kva prosjekt som verkar mest formålstenlege overfor målgruppa.
  2. Vurdere om målgruppa har behov som ikkje blir møtt gjennom ordninga.
  3. Vurdere om ordninga eller visse prosjekt kan seiast å bidra til å halde oppe tigging.
  4. Drøfte forholdet mellom det ansvaret kommunane har etter lova for målgruppa og dei oppgåvene som frivillige organisasjonar som får tilskot, tar på seg.
  5. Avklare behov for endringar i ordninga og vurdere kva instans som bør forvalte ordninga.

22 tiltak fekk støtte frå ordninga og 21 av desse er omfatta av evalueringa. Tiltaka blir gjennomførte i 8 byar og av mange organisasjonar. 

Evalueringa vil basere seg på skriftlege kjelder som søknader og rapportar og på kvalitative intervju med representantar for frivillige organisasjonar og det offentlege og med gatetiggarar og bladseljarar.

Prosjektdeltakarar

Laster inn ...

Publikasjonar

Aktuelt frå prosjektet

Nærbilde av slitte joggesko og et utslitt pappkrus på gata
Tiggerstøtte fører ikke til mer tigging

Ordningen med humanitær støtte til reisende EØS-borgere som tigger, bidrar ikke til økt tigging i norske gater.