English version

Ung og aktiv – meiningsfylt fysisk aktivitet for å betra fysisk form og auka helserelatert livskvalitet

Prosjektet utforskar om nettbasert aktivitets- og treningsregistrering og rettleiing kan bidra til at ungdom med overvekt og fedme blir meir aktive og kjem i betre form og på sikt får auka helserelatert livskvalitet.

Formålet med studien er å undersøkja i kva grad ein nettbasert intervensjon kan bidra til å auka fysisk aktivitet og på sikt betre fysisk form og auka helserelatert livskvalitet hos ungdom med overvekt og fedme.

I tillegg vil ein kvalitativ studie ha fokus på ungdommars erfaringar med å vera overvektige, korleis dette påverkar livskvaliteten deira, kva ungdom oppfattar som meiningsfulle fysiske aktivitetar, og erfaringane deira med å delta i ein webbasert intervensjon med livsstilsendring som mål.

  • Deltakarar

    Laster inn ...
  • Meir om prosjektet

    Det finst få dokumentert effektive tiltak for langvarig reduksjon i vekt hos ungdom med overvekt eller fedme, men forsking viser at det å auka fysisk aktivitet gir store helsefordelar uavhengig av vektreduksjon.

    Me veit også at det er samanheng mellom fysisk aktivitet og livskvalitet. Ungdom er mindre aktive enn barn, og mange sluttar med organiserte aktivitetar når dei når tenåra.

    Det er også dokumentert at ungdom med overvekt er mindre aktive enn normalvektige jamaldra. Fysisk aktivitet som opplevast meiningsfull, aukar motivasjonen og sjansen for å halda oppe eit høgare aktivitetsnivå.

    Det er derfor viktig å finna fram til gode metodar for å kommunisera med ungdom om fysisk aktivitet og rettleia dei til å engasjera seg i aktivitet.

    Bruk av internettbasert teknologi har vist seg å kunna vera effektivt i tiltak knytt til endring av helseåtferd. Slike tiltak er likevel i avgrensa grad prøvde ut blant ungdom.

    Gjennomføring

    Ungdom i 8. klasse, som ved rutinemessig høgde- og vektmålingar i skulehelsetenesta viser seg å ha ein alders- og kjønnsjustert KMI over 25, blir invitert til å delta. Nokon skular blir plukka ut som intervensjonsskular og andre som kontrollskular.

    Deltakarane frå både intervensjons- og kontrollskular (til saman ca. 140 ungdommar) vil få tilbod om å delta i ei spørjeundersøking, måling og veging og ein enkel fysisk test tre gonger i løpet av eit år.

    Intervensjonsgruppa vil få tilbod om å prøva ut programmet ”Ung og aktiv” (intervensjonen).

    Ungdommane i intervensjonsgruppa skal, saman med forskarane, utarbeida ein aktivitetsplan, med eigne mål for trening/aktivitetar, loggføra trening og aktivitetar dagleg og skriva treningsdagbok.

    Undervegs vil deltakarane få nettbasert rettleiing ein gong i veka. Primære utfallsmål for den kvantitative delen av studien er fysisk form og helserelatert livskvalitet.

    I tillegg svarer deltakarane på ei rekkje spørsmål knytt til fysisk aktivitet, motivasjon, meistringsforventning, kroppsbilete, søvn og kosthald.

    På denne måten vil studien kunna seia noko om effekten av internettprogrammet på alle desse variablane og relasjonane dei imellom.

    Utprøvinga av ”Ung og aktiv” vil halda fram over ein periode på 12 veker medan studien samla sett vil gå over ca. eit år.

    Kontrollgruppa blir følgd opp i samsvar med gjeldande retningslinjer for skulehelsetenesta. Ca. 20 av deltakarane i intervensjonsgruppa blir inviterte til å delta i til saman tre djupneintervju i løpet av den same perioden.

    Målet med den kvalitative delen av studien er djupnekunnskap om erfaringane til ungdommane med delta i intervensjonen og med å vera i fysisk aktivitet.

    Representantar for sluttbrukarane (ungdommane) er involverte i utvikling og testing av den internettbaserte intervensjonen (brukarinvolvering).

  • Samarbeidspartnarar

    • Noregs idrettshøgskule
    • Universitetet i Oslo