English version

Work4Teaching – Profesjonsutvikling på tvers av læringsarenaer i yrkesfaglærarutdanninga

Prosjektet undersøker hvordan erfarne fagarbeidarar utviklar seg til å bli yrkesfaglærarar.

Work4Teaching følgjer yrkesfaglærarstudentar i teknologiske fag - bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, teknologi- og industrifag, og informasjonsteknologi og medieproduksjon - og ser på den profesjonelle utviklinga deira på ulike arenaer på tvers av arbeidsliv, skole og universitet.

Mange av studentane har lang yrkesrøynsle, og kunnskap og erfaringar kan vere tause og kroppsleggjorde.

I løpet av den treårige bachelorutdanninga vekslar studentane mellom undervisning på campus- eller nett, yrkesfagleg praksis i bedrift og rettleidd pedagogisk praksis i skolen.

Work4Teaching bruker ulike forskingstilnærmingar for å undersøke aktivitetane til studentane og læreprosessar på tvers av arenaene.

Prosjektet har fleire fasar:

  1. Studentenes erfaringar frå breiddepraksis i andre yrke – Ei spørjeskjemaundersøking med opne spørsmål.
  2. Djupnelæring og profesjonsidentitet – Intervjustudie med nyutdanna yrkesfaglærarar.
  3. Praksislærarar og studentar i vidaregåande skole. Ein longitudinell studie av tre praksisperiodar med observasjonar og intervju.
  4. Med arbeidslivet som læringsarena – korleis bidrar bedriftene til relevans i lærarutdanninga? Intervjustudie med bedrifter
  5. Heilskapleg yrkesfaglærarutdanning - organisering og rolla til universitetet. Spørjeskjema og intervjustudie med undervisarar ved yrkesfaglærarutdanninga og studieleiing ved utdanningsinstitusjonen.

Prosjektdeltakarar

Laster inn ...