Kva er effekten av at ulike grupper, som studentar, unge einslege flyktningar, omsorgsbustader og barnehagar, strategisk blir busette saman i bustadsprosjekt?
Om prosjektet
Prosjektet skal innhenta kunnskap og erfaringar frå bustadsprosjekt der ulike grupper, som studentar, unge einslege flyktningar, omsorgsbustader og barnehagar, strategisk blir busette saman og vurderer effektar av dette – mellom anna for på auka livskvalitet og samfunnsdeltaking.
Prosjektet vil gi kunnskap om substansielle forhold ved bustadsprosjekta (eigenskapar ved bygg og design, balansen i bebuarsamansetning, møtestader og fellesareal som stimulerer til sosiale kontakt på tvers av bebuargruppene, etc) og rammesetjingsforhold (kva gir regelverket av handlingsrom, korleis kommunar opptrer som muliggjører/brems i denne typen prosjekt, tilskotsregime etc). Det skal gjennomførast gjennom litteraturstudium og kvalitativ studium av 10 bustadcase.