English version

Den norske studien av livsløp, aldring og generasjon (NorLAG)

NorLAG er ein longitudinell studie som inneheld data om mellom anna helse, arbeid, livskvalitet, omsorg og familierelasjonar i andre halvdel av livet (40 år+).

NorLAG er ein studie som gir ny kunnskap om aldring og eldre år i Noreg. Så langt er det gjennomført tre rundar med datainnsamling (2002, 2007 og 2017). Studien klargjer sentrale livsområde til personar fødd mellom 1922 og 1966 og dei nære familiemedlemene deira (partnar, foreldre og barn).

Spørjeskjemadata blir kopla til årlege registerdata. Denne kombinasjonen av data gir unike moglegheiter for forskarar frå ulike disiplinar til å studere årsaker og konsekvensar av tidspunkt og rekkjefølgje for overgangar som pregar andre halvdel av livet.

NorLAGs datainnsamlingar har blitt gjennomførte med støtte av Noregs forskingsråd, fire departement (HOD, AID, BLD, KMD), Helsedirektoratet, Husbanken, Statistisk sentralbyrå og NOVA.

NorLAG-data inngår i ACCESS Life Course infrastruktur, finansiert gjennom Nasjonal satsing på forskingsinfrastruktur ved Noregs forskingsråd (prosjektnr. 195403 og 269920).