Prosjekta er knytt til OsloMet sine tematiske forskingssatsingar og bidrar til å styrke forskinga og samfunnsoppdraget til universitetet.
OsloMet sine fire tematiske forskingssatsingar tar utgangspunkt i store samfunnsutfordringar som eit slitesterkt demokrati, grøn omstilling, framtidas helse- og omsorgstenester og inkludering av fleire barn og unge.
Småforskmidlene skal danne grunnlag for å søke om ekstern finansiering.
Leiar fire prosjekt om inkludering av fleire barn og unge
Fire LUI-prosjekt har fått småforskmidler frå den tematiske satsinga Inkludering av fleire barn og unge. Satsinga skal gi auka kunnskap om korleis samfunnet kan inkludere fleire barn og unge i utdanning, arbeids- og samfunnsliv.
Dei fire prosjekta som blir leidde av forskarane våre er:
- SAFE – Tverrprofesjonelt samarbeid og elevmedverknad i fråværssaker. Prosjektleiar: Guri Skedsmo
- SMILE-P – School Motivation, Inclusion, Learning and Enjoyment. Prosjektleiar: Silje Hølland
- Overgangar etter Vg2 yrkesfag. Prosjektleiar: Marianne Dæhlen
- TRANSIT – Transitions in early childhood education. Prosjektleiar: Natalia Meireles Santos Da Costa
LUI-forskarar deltar også i to andre prosjekt under same satsing:
- Pathways to Resilience and Inclusion
- Losing Control of the Scroll
Eitt prosjekt om eit slitesterkt demokrati i klasserommet
Eitt LUI-prosjekt har fått småforskmidler frå satsinga Eit slitesterkt demokrati, som skal auke kunnskapen om kva som styrkar og svekker demokratiet.
- Eit opnare og meir perspektivrikt klasseromsklima som blir leidd av Anders Granås Kjøstvedt.
Prosjektet undersøker kvifor ungdom i aukande grad vegrar seg for å delta i diskusjonar i klasserommet, og korleis undervisninga kan bli meir inkluderande. I samarbeid med blant anna Redd Barna og Nobels Fredssenter skal forskarane utvikle og teste nye undervisningsopplegg som styrker elevars evne til å diskutere ueinigheit og delta aktivt i krevjande samfunnsfaglege tema.
I tillegg deltar LUI-forskarar også i prosjektet:
- IMPART – Upartisk ekspertise i utforminga av skolepolitikk