Folk kryssaar ein fotgjengarovergang framom ein av OsloMet sine bygningar,

10 forskingsprosjekt for eit slitesterkt demokrati

Ti nye forskingsprosjekt har fått tildelt småforskmidler frå OsloMets tematiske satsing Eit slitesterkt demokrati. Til saman deler prosjekta nær 8 millionar kroner.

Prosjekta dekker eit breitt spekter av demokratirelaterte utfordringar – frå korleis unge blir påverka av influensarar, til korleis demokratiet fungerer under krig og korleis ekspertar bør brukast i politikkutforming. Felles for dei er at dei skal bidra til auka kunnskap om kva som styrkar og svekker demokratiet.

– Det er verkeleg flott å sjå korleis prosjekta viser breidda og den tverrfaglege styrken i forskingssatsinga Eit slitesterkt demokrati, seier Kristin Skare Orgeret, som er fagleg leiar for denne satsinga.

– Prosjekta tar for seg nokre av dei viktigaste utfordringane demokrati står overfor samtidig som dei utforskar korleis vi kan styrke demokratisk motstandskraft gjennom kunnskap, tillit, deltaking, utdanning og robuste offentlege institusjonar. Eg gleder meg stort til å følgje desse prosjekta vidare!

Desse prosjekta har fått støtte:

Demokrati under krig og gjenoppbygging: Eit teoretisk rammeverk for demokratisk motstandskraft i Ukraina

Prosjektleiar: Aadne Aasland, NIBR

Prosjektet skal utvikle eit teoretisk rammeverk for å forstå korleis demokratiske funksjonar blir oppretthaldne, blir utfordra og forma om under og etter krig. Med utgangspunkt i igangverande forsking på ukrainsk arbeidsliv, lokalforvaltning, journalistikk og utdanning vil prosjektet identifisere felles mekanismar på tvers av samfunnsarenaer, inkludert korleis spenningar blir handterte og avgjerder blir legitimerte.

Protrust 2026–2028: Profesjonar, tillit, status og demokratisk motstandskraft

Prosjektleiar: Andreea Iona Alecu, SIFO

Protrust skal kartlegge korleis tillita befolkninga har til profesjonar, kunnskap og institusjonar utviklar seg i ei tid prega av polarisering og usikkerheit og korleis det heng saman med demokratisk robustheit. Gjennom ei ny landsrepresentativ undersøking vil forskarane studere kven folk stoler på, og korleis dette påverkar demokratisk deltaking og tilfredsheit. 

Dokumentar som demokratisk infrastruktur: Å motverke tap av særpreg i samisk representasjon i KI-alderen 

Prosjektleiar: Becky Beamer, Institutt for journalistikk og mediefag, Fakultet for samfunnsvitskap

Dette er eit praksisbasert forskingsprosjekt som skal utvikle nye metodar for dokumentar og visuell journalistikk som gir meir presis og etisk forsvarleg framstilling av samisk samfunnsliv. I samarbeid med Sametinget skal prosjektet utforske korleis bilde og forteljingar kan formidlast på ein måte som varetar kontekst og motverkar forenklingar, særleg i ei tid der KI og digitale plattformer påverkar korleis visuelle uttrykk blir brukte og forstått.

Når sendeflater stilnar: Medium som demokratisk infrastruktur

Prosjektleiar: Fenella Carpena, Handelshøyskolen, Fakultet for samfunnsvitskap

Prosjektet skal undersøke konsekvensane av at den store, uavhengige TV-kanalen ASB-CBN i Filippinane blei lagd ned av myndigheitene i 2020, og korleis dette påverka tilgang på kritisk informasjon – særleg under naturkatastrofar. Målet er å forstå kva rolle media speler som kritisk demokratisk infrastruktur og omfanget av dei samfunnsmessige konsekvensane når pressefridommen går tapt.

IMPART – Upartisk ekspertise i utforminga av skolepolitikk

Prosjektleiar: Andreas Eriksen, Senter for profesjonsforsking

IMPART skal undersøke korleis ekspertar påverkar politiske avgjerder, med skolepolitikk som case. Forskarane vil analysere korleis idealet om upartisk ekspertise har utvikla seg dei siste tiåra, og korleis forskingsbasert kunnskap blir brukt i politikkutforming. Målet er å utvikle eit rammeverk som kan styrke tillit til ekspertise og bidra til betre balanse mellom faglege råd og politiske omsyn.

Allmennkringkastarar under press: kritikk, respons og autoritet

Prosjektleiar: Tine Ustad Figenschou, Institutt for journalistikk og mediefag, Fakultet for samfunnsvitskap

Dette prosjektet skal undersøke korleis NRK handterer aukande kritikk i ei digital offentlegheit prega av polarisering, desinformasjon og fiendtleg debattklima, og korleis det påverkar og potensielt svekker den demokratiske funksjonen til allmennkringkastaren.

Eit opnare og meir perspektivrikt klasseromsklima

Prosjektleiar: Evy Jøsok, Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning, Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studiar

Prosjektet skal undersøke kvifor ungdom i aukande grad vegrar seg for å delta i klasseromsdiskusjonar, og korleis undervisninga kan bli meir inkluderande. I samarbeid med blant anna Redd Barna og Nobels Fredssenter skal forskarane utvikle og teste nye undervisningsopplegg som skal styrke elevars evne til å diskutere ueinigheit og delta aktivt i diskusjonar om krevjande samfunnsfaglege tema. 

Kan deltakande demokrati fungere i stor skala?

Prosjektleiar: Sveinung Legard, NIBR

Dette prosjektet handlar om demokratiske innovasjonar for å styrke innbyggarinvolvering når gjeld avgjerdstaking. Og om slike former for medverknad kan styrke demokratiet også i store samfunn. Forskarane vil studere internasjonale eksempel som deltakande budsjettering og digitale plattformer for innbyggarinvolvering. Målet er å utvikle kunnskap om korleis brei folkeleg deltaking kan kombinerast med effektive avgjerdsprosessar.

Pilotstudie av emosjonsorienterte tiltak for å styrke digital demokratisk motstandskraft

Prosjektleiar: Lewend Mayiwar, Handelshøgskolen, Fakultet for samfunnsvitskap

Prosjektet skal teste nye tiltak for å styrke demokratisk motstandskraft i digitale medium. I staden for berre å fokusere på fakta, vil forskarane undersøke korleis folks kjenslemessige reaksjonar på politisk innhald kan påverkast. Gjennom laboratorie- og feltstudiar på sosiale medium skal prosjektet finne ut om slike tiltak kan redusere polarisering og styrke tillit til institusjonar og demokratiske prosessar.

Ei profilbasert politisk offentlegheit: Profilar og betydninga deira for engasjementet, haldningane og tillita til unge

Prosjektleiar: Vilde Schanke Sundet, Institutt for journalistikk og mediefag, Fakultet for samfunnsvitskap

Prosjektet skal analysere kva rolle influensarar og sosiale medieprofilar speler for det politiske engasjementet, haldningane og tilliten til unge. Forskarane vil intervjue ungdom og analysere korleis profilar deltar i politiske debattar. Målet er å forstå korleis ein algoritmestyrt og profilbasert offentlegheit kan påverke demokratiske prosessar – både ved å auke engasjement og ved å bidra til polarisering, særleg mellom kjønn og sosiale grupper.

Kontakt

Laster inn ...

Relaterte saker

– Demokratiet må tole kvardagsbruk

Korleis bygger vi eit demokrati som toler konflikt og ueinigheit? Kristin Skare Orgeret leier OsloMet si forskingssatsing på eit slitesterkt demokrati.

Nærbilde av Kristin Skare Orgeret
Publisert: 16.06.2026 | Kristine Welde Tranås | Foto: Skjalg Bøhmer Vold/OsloMet