English version
Mara Ressa og Britta Marakatt-Labba foran ein av OsloMets bygningar.

Nye æresdoktorar løftar fram kampen for sanning og demokrati

Britta Marakatt-Labba og Maria Ressa viser korleis både kunst og journalistikk er viktige verktøy for sannhet, ytringsfridom og eit slitesterkt demokrati.

OsloMet 3. juni 2026 kl. 10. Auditorium PH170 i Pilestredet 35 blir fylt av lydane frå vidda – vind og bekkefall, plystring og etter kvart av stemma til den kjende samiske musikaren Georg Buljo. 

Når han joikar sin eigen «Embrothered», spesialkomponert for nokre år sidan til Britta Marakatt-Labba og kunsten hennar, er ho tydeleg rørt. Den musikalske hyllinga set ramma for ein heilt spesiell junimorgon: der to nye æresdoktorar ved OsloMet blir feira i eit seminar med fokus på ytringsfridom og eit slitesterkt demokrati.

Foreinte i sin innsats for ytringsfridom

Og æresdoktorane er ikkje kven som helst: Den internasjonalt kjende tekstilkunstnaren, grafikaren og målaren frå Sápmi, Britta Marakatt-Labba, og den filippinske journalisten, forfattaren og redaktøren Maria Ressa, som blei tildelt Nobels fredspris i 2021. To kvinner med svært ulik bakgrunn og uttrykksform, men som blir foreinte i motet sitt, sin demokratiske kraft og innsats for ytringsfridomen.

Rektor Christen Krogh opna seminaret og minna dei to nye doktorane på at dei no har eit akademisk heim ved OsloMet. Han trekte fram korleis universitetet utnemner æresdoktorar innanfor fagområde der OsloMet sjølv tildeler doktorgrader, og til kandidatar som har utmerkt seg særleg innan felt universitetet har ei sterk kopling til. Tildelingane støttar òg opp om OsloMets mål om berekraftig utvikling, eit velfungerande demokrati og kompetanse for ei verd i stadig endring.

Motstand mot undertrykking

Britta Marakatt Labbas sentrale verk blei vist på storskjerm medan kunstnaren samtala med Camilla Frøland Sramek, seniorkurator ved Nasjonalmuseet og ein av dei tre kuratorane bak utstillinga ’Sylkvasse sting’ i 2024.

Her fekk vi sjå og høyre om korleis verket Giving Birth (Riegádahttin) frå 1983 tar utgangspunkt i Marakatt-Labbas eigen fødsel i 1951. Ho blei fødd i ein lávvu under reinsdyrflyttinga om hausten, då dyra som hadde beita i Noreg gjennom sommaren, var på veg til Sverige for vinteren. Slik blei Britta fødd ved grensa mellom dei to landa nær Idivuoma/Ađevuopmi.

Vi fekk høyre om det monumentale arbeidet gjennom sju år med det 24 meter lange broderibildet «Historjá» og om det ikoniske verket Kråkene (Garjá) frå 1981, som viser ein flokk kråker som gradvis blir til politimenn, før dei med makt og vald arresterer demonstrantar under Altaaksjonen.

Gjennom bilde og ord blei det tydeleg korleis Britta Marakatt-Labbas eineståande visuelle forteljarkunst med dei «mjuke» uttrykksformene nål og tråd ber svært sterke og kraftfulle bodskap om motstand mot undertrykking og kamp for samisk identitet og for naturarven vår – og korleis kunst kan vere ein uunnverleg reiskap for demokratisk ytring og samfunnsdeltaking.

Rektor Christen Krogh,  prorektor for forsking og utvikling Tanja Storsul og æresdoktor Britta Marakatt-Labba i samtale i auditoriet etter seminaret.

Rektor Christen Krogh, prorektor for forsking og utvikling Tanja Storsul og æresdoktor Britta Marakatt-Labba. Foto: Sonja Balci / OsloMet

– Demokratia står på spel

Den andre delen av seminaret starta med at Maria Ressa heldt eit kraftfullt foredrag der ho fokuserte på at ’alle kampars mor’ er kampen for påliteleg integritet – information integrity. Ressa var tidleg ute med å understreke behovet for å kontrollere dei store tech-gigantane og halde dei ansvarlege.

– No hastar det, sa ho, for i eit økosystem av informasjon der løgn blir spreidd seks til åtte gonger raskare enn sanning og dei som distribuerer informasjonen, har fråskrive seg alt ansvar for sanning eller har mykje å vinne på å manipulere oss, står demokratia våre på spel.

Maria Ressa og Kristin Skare Orgeret i samtale på scena.

Maria Ressa i samtale med professor Kristin Skare Orgeret. Foto: Sonja Balci / OsloMet

Uten fakta, inga sanning eller tillit

Ressa viste til den svenske V-Dem-undersøking frå mars i år der dei fann at 74 prosent av befolkninga i verda lever i land som er under autoritære angrep.

– Utan fakta finst det inga sanning, utan sanning kan du ikkje ha tillit – då har vi ikkje ei felles verkelegheit og dermed blir demokrati umogleg, sa Maria Ressa og understreka at vi treng forankring i ei felles verkelegheit for å kunne diskutere og finne løysingar på utfordringane vi står overfor.

Ho beskreiv eit moglegheitsvindauge som er i ferd med å lukke seg, og som vil resultere i at både frie medium, og i neste omgang demokratia våre, forvitrar.

I den følgjande samtalen med professor Kristin Skare Orgeret understreka Maria Ressa likevel ein viss optimisme og håp i trua på samarbeid og viljen til å ’hold the line’ vil ta oss vidare. Hennar eiga historie, der ho gjennom mot og uthald har vist korleis søken etter sanning kan halde makta ansvarleg, sjølv i møte med truslar, trakassering og forfølging i Filippinane, kan også gi håp og gjer det tydeleg kvifor ho har blitt eit globalt symbol på integritet og demokratisk motstandskraft.

Ny tematisk forskingssatsing om demokrati

Dei to æresdoktorane gjorde tydeleg på kvar sitt vis at eit slitesterkt demokrati er avhengig av menneske som vågar å forsvare sanning, minne og menneskeverd når slike storleikar blir sette under press.

Dermed var æresdoktorseminaret eit perfekt utgangspunkt for lanseringa av OsloMets nye tematiske forskingssatsing Eit slitesterkt demokrati. Dei ti første forskingsprosjekta, som til saman får nær åtte millionar kroner innanfor satsinga, blei presenterte og viste korleis dei skal bidra med ny innsikt for å forstå, verne og styrke demokratisk motstandskraft – nettopp i møte med nokre dei største utfordringane i vår tid.

  • Forskningssatsinger

    OsloMets fire tematiske forskningssatsinger skal fremme og styrke universitetets forskning og kunnskapsutvikling på viktige områder.

  • Et slitesterkt demokrati

    Denne forskningssatsingen skal utforske hvordan demokratiet kan styrkes og videreutvikles i møte med utfordringer rundt svekkede demokratiske strukturer, desinformasjon, polarisering og sviktende tillit.

Kontakt

Laster inn ...

Relaterte saker

Nærbilde av Kristin Skare Orgeret
– Demokratiet må tole kvardagsbruk

Korleis bygger vi eit demokrati som toler konflikt og ueinigheit? Kristin Skare Orgeret leier OsloMet si forskingssatsing på eit slitesterkt demokrati.

Folk kryssaar ein fotgjengarovergang framom ein av OsloMet sine bygningar,
10 forskingsprosjekt for eit slitesterkt demokrati

Ti nye forskingsprosjekt har fått tildelt småforskmidler frå OsloMets tematiske satsing Eit slitesterkt demokrati for å bidra til auka kunnskap om kva som styrkar og svekker demokratiet.

Publisert: 19.06.2026 | Kristin Skare Orgeret | Foto: Sonja Balci / OsloMet