English version

Eit opnare og meir perspektivrikt klasseromsklima

Stadig fleire ungdomsskoleelevar vegrar seg for å uttrykke si meining og delta i diskusjonar. Resultatet er stillare klasserom og ei svekking av skolen som øvingsarena for demokratisk deltaking. Kva kan vi gjere med det?

I dette prosjektet undersøker vi kvifor elevar i aukande grad vegrar seg for å delta aktivt i klasseromsdiskusjonar og -samtaler. Vi samarbeider med Redd Barna og Nobels Fredssenter, som begge utviklar undervisningsopplegg for å styrke unges evne og vilje til å delta aktivt i diskusjonar om krevjande samfunnsfaglege tema.

Prosjektet systematiserer eksisterande forsking og utviklar ny kunnskap om korleis aktivitetar kan strukturerast og gjennomførast, slik at fleire elevar ønsker å delta og opplever meistring når dei deltar i diskusjonar.

Samarbeidspartnarar

  • Redd Barna Noreg
  • Nobels Fredssenter