Kva skjer med demokratiet i krig? Korleis blir demokratiet påverka av krig og av ein framtidig gjenoppbyggingsfase i Ukraina?
Prosjektet skal utvikle ny kunnskap om korleis sentrale demokratiske funksjonar – som representasjon, deltaking, ansvarleggjering og offentlegheit – blir oppretthaldne, utfordra og omforma under krig og i ein framtidig gjenoppbyggingsfase.
Byggjer på fire samfunnsarenaer
Prosjektet byggjer på pågåande forsking ved OsloMet på fire arenaer i det ukrainske samfunnet: arbeidsliv, lokalforvaltning, journalistikk og skule og utdanning.
På tvers av desse områda skal forskarane undersøkje kva mekanismar som bidreg til å legitimere og oppretthalde demokratiske praksisar, og kva nye spenningar krigen skaper.
Prosjektet har ei tverrfagleg tilnærming. Det kombinerer kompetanse på ukrainsk samfunnsliv, demokrati og styring, journalistikk og offentlegheit, samt utdanning og demokratisk danning.
Meir om prosjektet
Målet med prosjektet er todelt: å utvikle ny kunnskap om demokratiske prosessar under krig, og å leggje grunnlaget for større internasjonale forskingsprosjekt om demokratisk motstandskraft i krig og kriser.
Prosjektet skal resultere i ein vitskapleg artikkel og eit ope seminar, i tillegg til ein søknad om ekstern finansiering. Aktuelle finansieringskjelder kan vere Forskingsrådet og EUs Horizon Europe. Eit første utkast til den vitskaplege artikkelen skal presenterast på UKRAINETTs årlege konferanse hausten 2027 (uni.oslomet.no).
Prosjektet har fått 890 000 kroner i støtte i småprosjektmidler frå OsloMet si satsing «Eit slitesterkt demokrati». Det samlar seks forskarar frå tre fagmiljø ved OsloMet: By- og regionforskningsinstituttet NIBR ved Senter for velferds- og arbeidslivsforsking (SVA), Fakultet for samfunnsvitskap (SAM) og Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium (LUI).