English version
Utsnitt fra OsloMet-bygning Kjeller

Elleve nye forskingsprosjekt om inkludering av barn og unge

No er det klart kva prosjekt som har fått tildelt småforskmiddel frå den tematiske satsinga Inkludering av fleire barn og unge ved OsloMet.

– Det har vore ei tøff prioritering i ein søknadsbunke med stor tematisk og fagleg breidde og gjennomgåande høg kvalitet, seier Christer Hyggen, som leiar satsinga.

Den endelege porteføljen i satsinga Inkludering av fleire barn og unge omfattar no forsking på sentrale arenaer i livet til barn og unge, blant anna barnehage, skole, overgangar i utdanning, helse- og velferdstenester, rettssystemet og digitale medium. 

Prosjekta undersøker både forhold som kan skape utanforskap som skolefråvær, sårbare overgangar, sosial ulikskap og manglande tilgang til tenster, og faktorar som kan fremme deltaking og inkludering som tilhøyrsel, rettar og meistring. 

– Vi meiner at denne porteføljen bidrar til å styrke kunnskapsgrunnlaget for meir inkluderande praksisar og tenster, samtidig som han bygger tverrfagleg forskingssamarbeid og legg grunnlag for vidare ekstern finansiering innan det tematiske området til satsinga. 

Prosjekta bidrar til det overordna målet om utviklinga av OsloMet som forskingsuniversitet og det større samfunnsoppdraget “ingen barn og unge utanfor”.

Desse prosjekta har fått støtte

  1. SAFE – Tverrprofesjonelt samarbeid og elevmedverknad i fråværssaker (prosjektleiar: Guri Skedsmo, LUI)
  2. Skole, motivasjon, inkludering, læring og skoleglede – pilot (SMILE-P), (prosjektleiar: Silje Hølland, LUI)
  3. Overgangar etter VG2 yrkesfag (prosjektleiar: Marianne Dæhlen, LUI)
  4. Overgangar og tersklar i spedbarns- og småbarnsgrupper i barnehagen (TRANSIT), (prosjektleiar: Natalia Meireles Santos Da Costa, LUI)
  5. Inkluderande helsetenester for unge – kompetansebehovet til profesjonelle i arbeid med seksuell helse, (prosjektleiar: Åse Røthing, HV)
  6. Veier til resiliens og inkludering av barn og unge (Pathways), (prosjektleiar: Dawit Shawel Abebe, HV)
  7. Kunnskapsbasert tenesteutvikling (prosjektleiar: Kjetil Wathne, SAM)
  8. Barn i foreldretvistsaker i domstolen, (prosjektleiar: Kari Sjøhelle Jevne, SAM)
  9. Når scrollingen tar over: Kortvideo, selvregulering og inkludering av unge, (prosjektleiar: Jan Malte Runge, SAM)
  10. Marginalisering blant unge voksne. Betydningen av negative livshendelser i ungdomsårene og sosial ulikhet (NEGLIEV), (prosjektleiar: Patrick Lie Andersen, SVA)
  11. Inclusive digital futures (prosjekleiar: Dag Slettemeås, SVA)

Det vil komme meir informasjon om dei ulike prosjekta etter kvart.

Om forskingssatsingane

  • Forskningssatsinger

    OsloMets fire tematiske forskningssatsinger skal fremme og styrke universitetets forskning og kunnskapsutvikling på viktige områder.

  • Inkludering av flere barn og unge

    Utenforskap blant barn og unge er en stor samfunnsutfordring. Skal vi lykkes med inkludering, trengs det en samlet innsats på tvers. Det er utgangspunktet for denne forskningssatsingen fra OsloMet.

Kontakt

Laster inn ...

Relaterte saker

Portrett av Christer Hyggen
– Vi må ta på alvor dei komplekse og meiningsfulle liva barn og unge lever

Christer Hyggen skal leie OsloMet si tematiske forskingssatsing om inkludering av fleire barn og unge.

Publisert: 22.06.2026 | Foto: John Hughes / OsloMet |