English version

Overgangar og tersklar i spedbarns- og småbarnsgrupper i barnehagen (TRANSIT)

Prosjektet undersøker korleis praksisane ved oppstart i barnehagen for dei yngste barna (0-2 år) påverkar inkludering av barn og familiar med innvandrar- og minoritetsspråkleg bakgrunn.

Barnehagestart kan representere det første varige møtet mellom migrantfamiliar og norske utdannings- og velferdssystem. Overgangen inneber ei innføring i institusjonelt kvardagsliv for barn under tre år og foreldra deira. TRANSIT belyser utfordringar med migrasjon og språk i samband med overgang til barnehagen.

Møtet med barnehagen kan bidra til inkludering, men kan også opne for sosiale, kulturelle, språklege og institusjonelle former for ekskludering, ettersom det å gå i barnehage i seg sjølv ikkje fører til inkludering.

Politikk og statistikk registrerer  barns deltaking og dekningsgrad i barnehagar, men fangar ikkje opp korleis migrasjon og fleirspråkligheit pregar livsløp og behov for inkludering, eller korleis overgangspraksisar kan legge til rette for tillit og samfunnsdeltaking.

Med utgangspunkt i omgrepet «inkluderingstersklar» – som både er ein metafor for fysiske grenser og ei omgrepsfesting av soner for forhandling av innenfor- og utanforskap – spør TRANSIT: Korleis skaper, senkar eller forsterkar praksisar ved overgangen frå heim til barnehage terskelen for inkludering for små barn og familiar med migrant- og minoritetsspråkleg bakgrunn?

For å belyse dette, vil  prosjektet: 

  1. undersøke beskrivingar av, og vilkår for, barn under tre år og familiane deira i barnehagen, på tvers av ulike innvandrar- og minoritetsspråklege grupper, med sikte på å forstå deira særskilde behov for inkludering
  2. samle og analysere eit utval overgangspraksisar for å identifisere sosiale, materielle, språklege og institusjonelle tersklar for inkludering og ekskludering for desse gruppene
  3. utvikle eit metodisk rammeverk for vidare forsking.

Prosjektet vil gjennomføre ein litteraturgjennomgang, ein etnografisk pilotstudie og ein workshop for å formidle resultat. Funna vil brukast til utvikling av vidare forsking og profesjonell praksis.

Deltakarar ved OsloMet

Laster inn ...