39 kandidatar har gjennomført forskarutdanning ved OsloMet mellom 5. november 2025 og 5. mai 2026. Desse blei heidret på ein høytideleg seremoni i festsalen på campus Pilestredet onsdag 3. juni.
30 av dei nye doktorane var til stades for å motta diplom.
Dei tre nye æresdoktorane på OsloMet, som blei utnemnt i september i fjor blei også heidra med både fagseminar og diplomutdeling under kreeringsseremonien.
Nobelprisvinnar og journalist Maria Ressa, og den anerkjende svensk-samiske kunstnaren Britta Marakatt-Labba var til stades, medan generaldirektør i WHO Dr. Tedros Adhanom Ghebreyesus deltok digitalt frå Geneve.