Fem ungdommar med ulik kulturell bakgrunn står langs ein vegg og ser på telefonane sine.

Korleis bruker og forstår fleirkulturelle ungdommar nyheiter på sosiale medium?

Og kva betyr det for deira identitet, tilhøyrsel og samfunnsengasjement?

Prosjektet «Unge med fleirkulturell bakgrunn og forståing av nyheiter på sosiale medium» har fått 800.000 kroner frå Medietilsynet.

– I eit samfunn med aukande demografisk mangfald er det viktig å forstå korleis ulike grupper konsumerer nyheiter, seier førsteamanuensis Florence Namasinga Selnes.

Då er sosiale medium særleg viktig.

– Vi skal forske på ungdommar mellom 13 og 17 år, og det er ei gruppe vi veit i stor grad får med seg nyheiter gjennom sosiale medium. Vi vil undersøke korleis den fleirkulturelle bakgrunnen deira formar møtet deira med nyheitene og kva det betyr for korleis dei orienterer seg i samfunnet, forklarer ho.

Identitet og tilhøyrsel

Frå tidlegare forsking veit vi at unge med fleirkulturell bakgrunn i stor grad les og ser globale nyheiter.

– Det handlar om det som på fagspråket blir kalla «co-presence» – det at dei er til stades i fleire kontekstar samtidig. Dei har familie og nettverk i andre land, og følgjer derfor nyheiter både der og her. Mange skifter kontinuerleg mellom nasjonale og internasjonale informasjonsstraumar, forklarer professor og prosjektleiar Dagny Stuedahl.

– Vi vil forstå korleis dette påverkar forståinga deira av hendingar i Noreg, samfunnsengasjementa deira, forholdet til lokalsamfunnet, identitet og tilhøyrsel, seier Selnes.

Mangel på mangfald i media

Stuedahl meiner dette er viktig kunnskap for norske medium.

– Det er ein stor del av befolkninga som orienterer seg i nyheitsverda på andre måtar enn det norske redaksjonar tradisjonelt har vore vant med.

– Dessutan manglar det framleis mangfald og fleirkulturelle stemmer i norske medium. Forskinga vår heng saman med spørsmål om representasjon, debattar om kva det vil seie å vere norsk og korleis ulike grupper uttrykker og forstår tilhøyrsel, forklarer ho.

Dagny Stuedahl og Florence Namasinga Selnes utomhus på OsloMet sin campus i Oslo.

Dagny Stuedahl og Florence Namasinga Selnes. Foto: Kristine Welde Tranås / OsloMet

Demokrati og deltaking

Prosjektet skal også undersøke kva det betyr for norsk offentlegheit at mange unge i større grad forheld seg til medium frå andre land. 

– Det handlar ikkje berre om media. Pandemien viste kor viktig det er å forstå korleis ulike befolkningsgrupper får og tolkar informasjon, og kva kanalar dei faktisk brukar, seier Stuedahl.

– Det kan ha konsekvensar for demokrati, deltaking i samfunnet og forståing av politiske prosessar, forklarer Selnes.

Falske nyheiter

Utfordringar knytte til desinformasjon og falske nyheiter på sosial medium er òg ein viktig del av prosjektet.

– Det er viktig å forstå korleis unge menneske vurderer nyheiter og få innsikt i den kritiske medieforståinga deira, seier Selnes.

Prosjektet er knytt til Søndre Media. Det er ei langsiktig forskingssatsing ved OsloMet Holmlia, som jobbar for å auke fleirkulturell ungdom si interesse og engasjement i samfunnsdebatten.

Kontakt

Laster inn ...

Relaterte saker

Skal forske på GUTTA: Kva skjer når Noregs største YouTube-kjendisar lagar politisk debatt?

Eit nytt OsloMet-prosjekt skal undersøke korleis slikt innhald påverkar mediemangfaldet og ungdom sitt politiske engasjement.

Oskar Westerling og Henrik Viken frå GUTTA blir intervjua av NRK.
Søndre Nordstrand-ungdommar fortel personlege historier gjennom foto

Fotokurs og utstillinga «Til tross for» skal bidra til å løfte fram unge stemmer og talent frå bydelen.

Muaz Rashid Abdo står foran ein vegg med bileta han har tatt under kurset.
Publisert: 18.02.2026 | Kristine Welde Tranås | Hovedbilde: Shutterstock