English version
Parisa Gazerani holder innlegg på scenen. Presentasjon i bakgrunnen.

Grøn omstilling engasjerer fagmiljø frå heile OsloMet

Frå klimavenleg betong og fornybar energi til helse, utdanning, kunst og samfunnsendringar: OsloMet Green Transitions Day viste kor breitt universitetet arbeider med grøn omstilling. Målet er å styrkje samarbeidet og bidra til løysingar på store samfunnsutfordringar.

Kva kan og bør eit universitet gjere når verda står overfor store klima- og miljøutfordringar? Dette var det overordna spørsmålet då forskarar, undervisarar, studentar og representantar frå universitetsleiinga møttest til OsloMet Green Transitions Day 2026, 15. oktober 2026.

Konferansen samla rundt 40 bidrag frå ulike fagmiljø, med deltaking frå alle fakultet og senter ved OsloMet, i tillegg til gjester frå andre forskings- og utdanningsinstitusjonar.

Eit mangfald av aktivitetar

– Dei ulike bidraga viser at det finst eit stort mangfald av relevant aktivitet, og at grøn omstilling angår langt fleire fagområde enn dei vi tradisjonelt knyter til klima og miljø, seier seniorrådgjevar Stefan Erbs, som stod i spissen for å arrangere dagen.

– Samtidig er dette berre eit utval av aktiviteten ved OsloMet. Noko av det vi har erfart gjennom arbeidet med å mobilisere og kartleggje fagmiljøa, er at mykje av det som går føre seg, ikkje nødvendigvis er synleg på tvers av institusjonen.

Dagen vart arrangert av Green Energy Lab og OsloMet si strategiske forskingssatsing på grøn omstilling. Eit viktig føremål var å gjere fagmiljøa betre kjende med arbeidet til kvarandre og leggje grunnlaget for nye samarbeid.

Under førebuingane oppdaga arrangørane at det skjer langt meir innan grøn omstilling ved OsloMet enn dei hadde venta. Konferansen kunne difor berre vise eit utval av den omfattande aktiviteten.

Grøn omstilling krev ulike fag

Eit gjennomgåande bodskap var at grøn omstilling ikkje berre handlar om å utvikle ny teknologi eller redusere klimagassutslepp. Det handlar også om korleis menneske lever, kva vi forbrukar, korleis samfunnet er organisert, og kva slags endringar vi er villige til å gjennomføre.

Innlegga viste korleis ulike fagmiljø arbeider med desse utfordringane.

Forskarar presenterte mellom anna arbeid med betong som gjev lågare klimaavtrykk, fornybare energisystem, meir miljøvenleg utvikling av legemiddel og tiltak mot plastforureining. Andre tok opp korleis kunstig intelligens påverkar ressursbruken, korleis matsvinn kan reduserast, og korleis økonomi, leiing og politiske avgjerder kan bidra til omstilling.

Utdanning var også eit sentralt tema. Fleire bidrag viste korleis studentar, elevar og barnehagebarn kan få kunnskap, erfaringar og ferdigheiter som gjer dei betre rusta til å delta i samfunnsendringar.

Oversikt over utstillinga

Oversikt over den vakkert kuraterte utstillinga Transits. Foto: Olav-Johan Øye

Ei eiga utstilling, Transits, kombinerte kunst, design og forskingsformidling. Ho viste mellom anna korleis menneske opplever vindkraftutbygging, og korleis kunstnarlege uttrykk kan opne for andre perspektiv på berekraft.

Portrett av Sofia ved sidan av kunstverket, eit veggteppe.

Postdoktor Sofia Rafaella Greaves var ein av utstillarane på utstillinga “Transits”. Foto: Olav-Johan Øye

Samarbeid styrkar den strategiske satsinga

Ein viktig del av konferansen var presentasjonen av ti tverrfaglege prosjekt som har fått støtte gjennom OsloMet si strategiske forskingssatsing på grøn omstilling.

Prosjekta omfattar mellom anna industriell omstilling og fornybar energi til havs, ressursbruk og sirkulære løysingar, og spørsmål om samfunnsstyring, digitalisering og rettferdig grøn omstilling. 

Les meir om prosjekta (lenke).

Satsinga skal bidra til å byggje sterkare forskingsmiljø og utvikle samarbeid på tvers av fag og organisatoriske grenser.

Eit sentralt spørsmål gjennom dagen var korleis universitetet kan gå frå mange enkeltståande initiativ til eit meir samordna og langsiktig arbeid.

– Ved å samarbeide kan vi stille betre spørsmål, forstå fleire sider av problema og utvikle løysingar som tek omsyn til fleire forhold samtidig. Men det krev også at vi gjev folk høve til å møtast, verte kjende med kvarandre sitt arbeid og utvikle samarbeid over tid. Det tverrfaglege oppstår ikkje berre fordi vi oppfordrar til det.

Tverrfagleg styrke på OsloMet

– Ein av OsloMets store styrkar er kombinasjonen av teknologiske, samfunnsvitskapelege, helsefaglege, pedagogiske og kunstnariske fagmiljø, og det tette sambandet mange av desse har til arbeids- og samfunnslivet.

– Grøn omstilling handlar ikkje berre om å utvikle ny teknologi. Det handlar også om korleis samfunnet vert organisert, korleis vi utdannar yrkesutøvarar for framtida, korleis endringar påverkar menneske og lokalsamfunn, og korleis vi kan utvikle løysingar som er både miljømessig og sosialt berekraftige. Her har OsloMet mykje å bidra med.

OsloMet sitt ansvar som samfunnsinstitusjon

Konferansen løfta fram OsloMet sitt ansvar som samfunnsinstitusjon.

Forsking skal utvikle ny kunnskap og nye løysingar, men universitetet skal også utdanne yrkesutøvarar for framtida, samarbeide med arbeids- og samfunnsliv, og bidra til kritisk diskusjon om kva grøn omstilling bør innebere.

Studentane vart trekte fram som viktige deltakarar. Studentparlamentet presenterte mellom anna eit forslag om eit grønt kontor som kan styrkje samarbeidet mellom studentar og tilsette.

Den avsluttande panelsamtalen viste korleis konkrete strategiske val og organisatoriske grep kan støtte arbeidet med grøn omstilling. Helge Jordheim frå UiO fortalde om opprettinga av Senter for global berekraft, ei ny tverrfagleg eining på fakultetsnivå. Yosef frå Studentparlamentet presenterte studentane sitt ønske om eit grønt kontor ved OsloMet, der studentar og tilsette kan samarbeide om berekraftstiltak

Frå gode initiativ til varig endring

Eit sentralt spørsmål under konferansen var korleis OsloMet kan gå frå mange gode enkeltinitiativ til ein meir samanhengande og langsiktig innsats. Dette var også eit hovudpoeng i innlegget til Linn Dybdahl frå NMBU, som presenterte erfaringar frå ei kartlegging av berekraftsarbeidet ved sju norske universitet.

Dybdahl viste til skiljet mellom å leggje nye berekraftstiltak til eksisterande verksemd og å gjennomføre meir grunnleggjande endringar i korleis universiteta er organiserte, styrte og arbeider.

– Det er mykje godt arbeid i gang, men utfordringa er å skape strukturar som gjer at initiativa ikkje blir ståande åleine. Vi må vidare frå å leggje nye tiltak oppå den eksisterande verksemda, til å sjå på korleis vi organiserer, prioriterer og utviklar universitetet over tid, seier Erbs.

Han peikar på den strategiske forskingssatsinga som eit viktig steg i denne retninga.

– Satsinga skal byggje fagleg kapasitet og samarbeid på tvers, som på sikt også kan styrkje grunnlaget for ekstern finansiering. Men vi kan ikkje basere den langsiktige utviklinga på eksternfinansierte prosjekt åleine. Det krev også investeringar i universitetet sin eigen kapasitet.

– Mangfaldet og initiativa frå fagmiljøa er ein stor styrke, men vi kan ikkje basere langsiktig utvikling på eldsjeler og mellombelse prosjekt åleine. Vi treng tydeleg ansvar, ressursar og varige funksjonar som byggjer bruer mellom fagmiljø, fakultet, leiing og eksterne samarbeidspartnarar, og som støttar samarbeid over tid.

– Eg håpar konferansen kan vere eit utgangspunkt for nettopp dette. Vi har synleggjort mykje av det som skjer, og skapt nye kontaktar på tvers. No handlar det om korleis vi byggjer vidare på dette, slik at forskinga, utdanningane og samarbeidet vårt kan få større betydning for grøn omstilling i samfunnet.

Biletet øvst i artikkelen viser professor Parisa Gazerani i innlegget sitt under bolken «Research, Transition Practices & Innovation: What responses are already taking shape across OsloMet?”

Portrett av paneldeltakarane på scenen.

Med utgangspunkt i eksempel frå konferansen og eit breiare perspektiv på sektoren, diskuterte dette panelet kva universitet kan lære av kvarandre, kva institusjonelle barrierer som framleis eksisterer, og kva studentar og andre miljø ved universiteta treng frå institusjonane sine. Korleis kan universiteta leggje til rette for meiningsfull deltaking i utforminga av grøne omstillingsprosessar, og gjere lovande initiativ om til varig institusjonell kapasitet? Dette panelet består av Carl Christian Thodesen (OsloMet), av Helge Jordheim (Senter for global bærekraft, Universitetet i Oslo), Arvind Keprate (Strategisk forskingsområde for grøn omstilling, OsloMet), Yosef Sium Ihdego (Studentparlamentet, OsloMet) og Linn Dybdahl (Noregs miljø- og biovitskaplege universitet). Foto: Olav-Johan Øye

Relaterte saker

Ti forskingsprosjekt for grøn omstilling

Ti nye forskingsprosjekt har fått tildelt midlar frå OsloMet si tematiske satsing på grøn omstilling.

Utandørs på Campus Pilestredet. Det er eit bed med grøne plantar og stein rundt i framgrunnen. Bak  trapp og gangveg, og skilt og plakatar. Det er sommar.
Publisert: 21.10.2026 | Olav-Johan Øye