"Fell" for mange unge utanfor skule og arbeid?

Tre studenter sitter på biblioteket og jobber hver for seg.

Kjetil van der Wel kritiserer oss i ein KAI-kronikk for uheldig bruk av overskrift og for å spreie myter når vi skriv at «Stadig flere unge faller utenfor skole og arbeid. Hvorfor lar vi det skje?». Vi er samde med han i at denne overskrifta ikkje var god. Det var ikkje intensjonen vår å formidle akkurat dette.

Utgangspunktet vårt var unge i utsette livssituasjonar, ikkje unge generelt. Kronikken handla om kva som kan gjerast for å inkludere fleire unge med sosiale- og helserelaterte utfordringar i skule og arbeid, og skulle ikkje vera eit varsko om at stadig fleire «fell» utanfor. Vi vil gjerne gjere tydelegare kva vi prøvde å formidle.

KAI-kronikken

  • KAI-kronikken er tekster skrevet av forskere og andre for å skape større interesse for og bevissthet om arbeidsinkludering og formidler forfatterens synspunkter.
  • Mer informasjon om Kompetansesenter for arbeidsinkludering (KAI) finner du på hovedsiden.

Ønsker du å skrive for KAI-kronikken? Ta kontakt med redaktørene:

Laster inn ...

Bibliotek for arbeidsinkludering

Ser du etter forsking på arbeidsinkludering? Mer lesestoff finner du i Bibliotek for arbeidsinkludering.

Samstundes med ei god utvikling blant unge generelt, viser forsking at noko vert vanskelegare for eit mindretal av unge – dei utsette ungdommane med ekstra utfordringar knytt til helse, rus, kriminalitet, vanskelege familieforhold, lærevanskar, psykiske vanskar eller anna. La oss illustrere det med nokre døme:

Andelen unge som ikkje fullfører vidaregåande skule på normert tid (5 år) har lenge vore så høg som 1 av 3. Som eitt av fleire tiltak vart det innført ei fråværsgrense for nokre år sidan. Resultata på nasjonalt nivå ei tid etter viser at andelen som ikkje fullfører innafor normert tid har sunke til 1 av 5 (ssb.no). Ei forbetring altså.

Men samstundes rapporterer forskarar (press.nordicopenaccess.no) om aukte utfordringar for dei som frå før på grunn av store helsemessige eller sosiale vanskar alt hadde eit høgt fråver: For denne gruppa kan fråværsgrensa verte eit nytt «uoppnåeleg» og demotiverande krav (oda.oslomet.no). Vi vil også argumentere (normativt) for at når 1 av 5 ikkje fullfører i løpet av 5 år og startar vaksenlivet med «hol på cv’en», så er det for mange og ein indikasjon på svake sider ved det skulesystemet vi har etablert.

For dei aller fleste – og stadig fleire – gjekk det altså bra, men samtidig erfarte dei aukte utfordringar med lokalt utanforskap blant unge.

Eit døme på lokalt nivå (oda.oslomet.no) finn vi i ein kommune som hadde høge tal på unge uføre og som ikkje hadde erfart den halveringa av unge uføre som van der Wel viser til på nasjonalt nivå. Det viste seg at kommunen hadde like gode eller betre tal enn landsgjennomsnittet på fullføring av vidaregåande skule.

For dei aller fleste – og stadig fleire – gjekk det altså bra, men samtidig erfarte dei aukte utfordringar med lokalt utanforskap blant unge. Eit støtteteam vart etablert og gav oppfølging til så mange som 150 ungdommar over 3-4 år, slik at desse skulle styrke moglegheitene sine til å fullføre skule og komme i arbeid.

Kunnskapssamanstillinga vår (oda.oslomet.no) viser også til utviklingstrekk i samtida som ser ut til å virke om lag slik: For dei flinke elevane med ressursar og nettverk er dei ikkje noko stort problem, men for dei med ekstra utfordringar kan utviklingstrekka representere ein forhøga terskel til fellesskap som arbeid og skule. Døme er blant anna

Sjølv om det ikkje er slik at stadig fleire unge «fell ut» av skule eller arbeid på eit makronivå, så er det ingen grunn til å sjå på utanforskap blant unge i utsette livssituasjonar som noko uproblematisk som ligg på eit nivå vi bør forvente. Det er tvert om gode grunnar til å rope eit varsko – ikkje om aukt utanforskap blant unge generelt – men om aukte utfordringar hjå den mindre gruppa av unge i utsette livssituasjonar med å fullføre skule og komme i arbeid.

Når det går stadig betre med fleirtalet av unge, kan det verte vanskelegare å få myndigheiter og andre til å prioritere den ekstra innsatsen som må til for å hjelpe dei meir utsette.

Kunnskapssamanstillinga vår viser at forskarar frå nordiske land med kjennskap til og kompetanse om dei utsette unge, gir rimeleg samanfallande innspel til kva ein må gjere for å inkludere fleire. Saman utgjer forskinga deira eit solid kunnskapsgrunnlag som forklarar kvifor samfunnet skal investere i denne heterogene gruppa: Fordi det finst manglar i dei velferdssystema vi har etablert som kan rettast på. Fordi det er mogleg – om enn ofte vanskeleg – å forhindre utanforskap.

Når det går stadig betre med fleirtalet av unge, kan det verte vanskelegare å få myndigheiter og andre til å prioritere den ekstra innsatsen som må til for å hjelpe dei meir utsette. Difor er dette viktig å løfte fram.

Mer om ungt utenforskap

Stadig flere unge faller utenfor skole og arbeid. Hvorfor lar vi det skje?

Kronikk: Det gjøres for lite for å hjelpe unge med ekstra utfordringer, men det er enighet om hvilke tiltak som fungerer.

En student sitter på biblioteket og jobber.
Faller virkelig "stadig flere" unge utenfor arbeid og utdanning?

Kronikk: Forskere bør unngå å opprettholde myten om at vi har et stort og økende problem med unge som ikke deltar i arbeidsliv og utdanning.