Prorektor Carl Thodesen holder åpningsinnlegg for deltakerne på SI forum

Fullt hus for nytt forum om sosial innovasjon og samfunnsutvikling

Over 60 deltok då OsloMet lanserte SI Forum, ein ny møteplass for samarbeid om sosial innovasjon og samfunnsløysingar.

Korleis skaper vi gode liv i ei tid prega av demografiske endringar, utanforskap, press på velferdstenestene, klimaendringar og aukande behov for omstilling? Dette var utgangspunktet då OsloMet inviterte til det første utvida Sosial Innovasjon Forum (SI Forum) i juni – ein ny møteplass for forskarar, kommunar, sivilsamfunn, organisasjonar og andre aktørar som ønsker å utvikle morgondagens samfunnsløysingar saman. 

Interessa var over all forventning. Over 60 personar var med på forumet, og samansetninga av deltakarar illustrerte ambisjonen til forumet om å bygge bru mellom akademia og praksisfeltet: omtrent halvparten kom frå OsloMet og halvparten frå kommunale aktørar og andre organisasjonar. Den breie deltakinga skapte eit dynamisk forum prega av sterk fagleg interesse, nysgjerrigheit og eit tydeleg ønske om meir samarbeid på tvers av tradisjonelle grenser.

For sjølv om mange av utfordringane samfunnet står overfor er godt kjent, blir stadig fleire merksame på at løysingane ikkje kan utviklast av éin sektor aleine. Dei krev nye former for samarbeid mellom menneske, fagmiljø og organisasjonar. Nettopp her kjem sosial innovasjon inn.

"– Sosial innovasjon handlar om å skape nye samband mellom menneske, kunnskap og ressursar. Når forskarar, kommunar, innbyggarar, frivillige organisasjonar og næringsliv møtest om felles utfordringar, aukar moglegheita for å finne løysingar som både verkar og varer. Forumet viste kva kraft som ligg i å samle menneske med ulike perspektiv rundt eit felles samfunnsoppdrag", seier Carl Thodesen, prorektor for samfunnsforbetringar og samarbeid ved OsloMet.

Frå teori til praktiske løysingar

Dagen starta med ein introduksjon til sosial innovasjon ved Reidun Norvoll, forskar ved Arbeidsforskningsinstituttet (AFI) ved OsloMet. Ho viste korleis sosial innovasjon skil seg frå andre type innovasjonar ved at m.a. målet ikkje først og fremst er nye produkt eller teknologiar for kommersielle formål, men sosiale løysingar som styrker menneskes livskvalitet, fellesskap og moglegheiter til deltaking i samfunnet. 

Deretter fekk deltakarane innblikk i fleire konkrete samarbeidsprosjekt:

Andreas Christiansen, utviklingsleiar i Nordre Follo kommune, presenterte innovasjonsarbeidet «Jobbfabrikken». Dette inngår også i ei større studie av tre kommunar i prosjektet, «Bærekraftig radikal oppgavedeling i helse- og omsorgssektoren (BRO)», som implementerer nye tverrsektorielle måtar å organisere kompetanse og oppgåver på for å møte framtidas behov i helse- og omsorgstenestene og framme arbeidsinkludering .

Anna Kloster-Jensen Macintyre , ph.d..-kandidat ved OsloMet, presenterte Opal-prosjektet, som arbeider for å styrke helsekompetansen blant foreldre med innvandrarbakgrunn og bidra til meir likeverdige helsetenester.

Sara Berge Lorenzen, prosjektrådgivar ved OsloMet, delte erfaringar frå medverknadsbasert forsking og innovasjon med unge, der målet er å redusere utanforskap og styrke trivsel og læringsmiljø i kommunane. 

Presentasjonane viste breidda i sosial innovasjon – frå organisering av tenester til inkludering, folkehelse og medverknad – og korleis nye løysingar ofte oppstår når forsking og praksis blir utvikla i fellesskap.

Brubygging mellom forsking og praksis

Ein viktig del av programmet var spørsmålet om korleis samarbeid mellom forsking og praksis kan styrkast ytterlegare.

Hilde Lorentzen frå By- og regionforskingsinstituttet NIBR presenterte funn frå rapporten Brobyggerkunst – Om samarbeid mellom OsloMet og praksisfelt (nva.sikt.no). Rapporten peikar på både moglegheiter og barrierar i samarbeidet mellom akademia og praksisfeltet, og understrekar betydninga av arenaer der aktørar kan møtast som likeverdige partnarar. Presentasjonen blei følgd av ei samtale med Une Tangen frå KS, som delte erfaringar frå arbeidet med sosial innovasjon og utviklinga av verktøy som kan støtte innovasjonsprosessar undervegs og samtidig bidra til å dokumentere effektane av dei i etterkant.

Diskusjonen gjorde det tydeleg at kunnskap aleine sjeldan er nok til å skape samfunnsendring. Det krevst også relasjonar, tillit og forståing for kvarandres perspektiv. Nettopp derfor er møteplassar som SI Forum viktige.

Kvifor er slike arenaer nødvendige?

Mange av dei utfordringane som påverkar menneskes livskvalitet – psykisk helse, einsemd, utanforskap, ulikskap, rekrutteringsutfordringar i velferdssektoren og berekraftig samfunnsutvikling – er samansett. Dei har ikkje éi årsak og heller ikkje éi løysing. 

Når forskarar sit på kunnskap, kommunane kjenner kvardagsutfordringane, frivilligheita kjenner behovet til innbyggarane og brukarane sjølv bidrar med erfaringane sine, oppstår eit heilt anna grunnlag for innovasjon. Sosial innovasjon handlar derfor ikkje berre om å utvikle nye tiltak, men om å styrke relasjonar og utvikle nye måtar å samarbeide på.

Gruppearbeida og diskusjonane i forumet viste nettopp dette. Deltakarane utforska korleis forsking kan bidra meir direkte til innovasjonsarbeidet i kommunane, kva hindringar som må overvinnast, og korleis nye løysingar kan skape varig positiv endring i lokalsamfunna. 

Det sterke engasjementet gjennom heile dagen bekrefta at behovet for slike arenaer er stort. Mange deltakarar uttrykte ønske om å vidareutvikle kontaktane som blei etablerte, og fleire såg moglegheiter for nye samarbeidsprosjekt på tvers av sektorar og fagområde.

SI Forum fortset til hausten

Den gode responsen gjer at SI Forum blir vidareført med nye samlingar hausten 2026.
OsloMets tilsette er inviterte til interne SI Forum-samlingar 8. september (tysdag), 8. oktober (torsdag) og 8. desember (tysdag) kl. 14.00–15.30. Neste utvida SI Forum for OsloMets tilsette og eksterne aktørar skal skje 6. november (fredag) som eit heildagsarrangement.

Meir informasjon om program og påmelding vil bli publisert nærmare kvart enkelt arrangement. Har du forslag til tema, problemstillingar eller innlegg som kan bidra til gode diskusjonar og ny kunnskapsutvikling, er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt med kontaktpersonane i forumet (sjå nedanfor).

SI Forum er ein del av OsloMets strategiske satsing på samfunnsforbetringar og skal bidra til å styrke rolla til universitetet som eit leiande miljø for sosial innovasjon. Ambisjonen er ikkje berre å skape nye prosjekt, men å bidra til betre løysingar på utfordringar som påverkar kvardagen og livskvaliteten til menneske og lokalsamfunn over heile landet.
 

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 12.08.2026 |