historisk bilde av en psykolog som personlighetstester og måler en elevs kognitive evner.

Psykologiske testar bestemde unges utdanningsval

Psykologisk testing har historisk vore ein viktigare del av psykologyrket enn det blir gitt inntrykk av, ifølgje ei doktorgrad.

Fredag 31. mai disputerer idéhistorikar Isak Lønne Emberland med avhandlinga «Den omhyggjeleg planlagde livsbanen: Psykoteknikken og profesjonaliseringa av norske psykologar 1920-1947». Doktorgrada blir avlagd ved Senter for profesjonsforsking (SPS), OsloMet.

Temaet for avhandlinga er korleis psykologiske testar tidlegare vart brukt i arbeidslivet og arbeidsretta utdanning.

– Ungdom vart testa for å sjå om dei hadde anlegg for ein bestemd type jobb – om dei kunne bli gode typologar, gullsmedar eller sjåførar, forklarer Emberland. 

– Dette inkluderte IQ-testar og personlegdomstestar, men også meir fysisk orienterte testar – som å sjå om ein var stødig nok på handa til å jobba med materiale på ein nøyaktig måte.

Stipendiat Isak Lønne Emberland Foto: OsloMet/Benjamin A. Ward

Liknande testar finn ein i arbeidslivet og velferdsapparatet også i dag. Det blir brukt personlegdomstestar i NAVs kurs for jobbsøkjarar, og arbeidsgivarar testar kognitive og praktiske ferdigheiter i tilsetjingsprosessar. Vil du bli T-baneførar for Sporveien, til dømes, må du gjennom ei rekkje testar – mellom anna av reaksjonsevne.

Men kvifor byrja ein med denne typen testing?

Eit betre mål på ferdigheiter enn skulekarakterar

– 1920-talet var ei tid der samfunnet og arbeidsmarknaden gjekk gjennom store endringar, og mykje yrkesarbeid vart meir industrialiserte, teknologisert og byråkratiserte. Dei gamle måtane å læra seg eit yrke på – som å ta sveinebrev eller vera lærling – var ikkje lenger nok. No trong ein utdanning i ein del jobbar. Etter folkeskulen – det som i dag svarer til barne- og ungdomsskule – søkte mange unge seg dermed til yrkesutdanningane. Ein av desse var Oslo Fag- og Forskoler, fortel Emberland.

Han held fram:

– Men Oslo Fag- og Forskole fekk fleire søkjarar enn dei hadde plass til. Og skulen tenkte at karakterane frå folkeskulen ikkje spegla dei yrkesmessige ferdigheitene til søkjarane godt nok. I staden bestemde dei seg for å testa så godt som alle søkjarar, for å finna dei best eigna kandidatane til dei ulike yrka.

Silte ut «svake» kandidatar

Testinga vart utført av psykologar ved skulens nyoppretta Psykoteknisk Institutt. Omgrepet psykoteknisk viser til ei form for psykologi brukt til praktiske formål, særleg for å effektivisera arbeidslivet.

Historisk bilde av Yrkesveileder ved Psykoteknisk Institutt som intervjuer ung elev.

Yrkesrettleiar ved Psykoteknisk Institutt intervju ung elev på folkeskulen i 1947. Foto: NTB/ Th. Skotaam

Tilhengjarane meinte det var fleire grunnar til at psykoteknisk testing var formålstenleg. For det første handla det om å finna fram til potensialet til den enkelte. Medan det tradisjonelt var sosial klasse og bakgrunn som styrte kvar ein hamna i livet, var testinga meint å gi eit meir nøytralt mål på ferdigheitene til den enkelte. Samtidig fungerte det også som ein utsilingsmekanisme, der ein identifiserte og valde bort dei som vart oppfatta som «svake».

For det andre tenkte ein at det å hamna på rett hylle i arbeidslivet ville skapa glede og meistring for kvar enkelt yrkesutøvar. Og for det tredje, håpa ein, ville meistringskjensle for kvar enkelt gi positive ringverknader på samfunnsplan.

Eit nytt historisk blikk på psykologiyrket

Emberlands avhandling bidreg med eit nytt blikk på korleis psykologi vart ein profesjon i Noreg.

– Psykologisk testing var noko av det aller første arbeidet psykologar kunne gjera utanfor akademia. Dette skil seg sterkt frå korleis me gjerne tenkjer om psykologyrket i dag – som no er ei klinisk, terapeutisk verksemd der psykisk helse er det ultimate målet, hevdar Emberland.

Og korleis gjekk det med Psykoteknisk Institutt? 

Instituttet gjekk gjennom nokre transformasjonar gjennom åra, og leivningane har vorte til det som i dag heiter Arbeidsforskningsinstituttet (AFI) ved OsloMet.

Relaterte saker

Kva skjer når forskarar sjølv er del av feltet dei forskar på?

Ny bok drøftar korleis forskingskvaliteten kan varetakast når bandet mellom forskar og forskingsobjekt er tett.

Fasaden til universitet med OsloMet logo på veggen
SPS-professor blir medlem i Det Norske Vitenskapsakademi

Historikar ved Senter for profesjonsforsking, Fredrik Thue, er vald inn som medlem i den anerkjende organisasjonen.

Fasaden til villaen til vitskapsakademiet i Oslo, bygd i herskapeleg arkitektur, måla i gult, med stor hage.
Publisert: 15.05.2024 | Anniken Fleisje