På medlemsmøtet 7. mars valde Det Norske Vitenskapsakademi (DNVA) inn 20 nye norske og internasjonale medlemmer. Blant desse er historikar og SPS-professor Fredrik Thue, som skal vera del av klassen til organisasjonen for humaniora og samfunnsvitskap.
– Både ærefullt og litt rart, seier professoren.
Thue er kjend for dei omfattande studiane sine av norsk vitskaps- og universitetshistorie, og i seinare tid som leiar for arbeidet med dei to rapportane:
- «Eit ytringsklima under press? Akademisk fridom og ytringsfridom i ei brytningstid» (regjeringen.no)
- «Integrasjon og integritet: Tillit til forsking i eit kunnskapssamfunn» (regjeringa.no).
Om dagen arbeider han med eit profesjonshistorisk prosjekt om den lutherske presterolla som går for moderne omsorgs- og oppsedingsprofesjonar som lærarar, sjukepleiarar og sosialarbeidarar.
– Det kjennest både ærefullt og litt rart å bli medlem av DNVA, som eg som ung historikar opplevde som ei litt høgtideleg forsamling av eldre herrar, fortel Thue.
![Portrett av Thue](https://www.oslomet.no/var/oslomet/storage/images/_aliases/tiny/8/2/0/2/582028-1-nor-NO/1c819cda92b3-OsloMet-SPS-breddeformat_BAW_22.jpg)
Professor ved Senter for profesjonsforsking, Fredrik Thue. Foto: Benjamin A. Ward / OsloMet
– Men heldigvis har dette prega vorte dempa i seinare år, og eg gler meg til å få vera med i eit akademisk forum som går på tvers av institusjonar og fag og som forhåpentleg kan gi mange nye kontaktar og impulsar framover.
Det Norske Videnskaps-Akademi vart etablert i 1857 og er ein tverrfagleg institusjon som fremjar norsk vitskap. Den fungerer både som ein møteplass for akademikarar og ein organisasjon som støttar opp om vitskapleg forsking i Noreg.
Relaterte saker
Ei ekspertgruppe knytte til Senter for profesjonsforsking har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet levert ein ny delrapport om lærarutdanningane.
![elever arbeider på hver sin side av pulten i skolen.](https://www.oslomet.no/var/oslomet/storage/images/_aliases/tiny/0/6/8/4/474860-2-nor-NO/a5c3360fe246-laerar.jpg)
Ny bok drøftar korleis forskingskvaliteten kan varetakast når bandet mellom forskar og forskingsobjekt er tett.
![Fasaden til universitet med OsloMet logo på veggen](https://www.oslomet.no/var/oslomet/storage/images/_aliases/tiny/9/0/6/9/539609-1-nor-NO/5fb94a58ae73-ward.jpg)