Eit bilete av Kaori-Enatsu-Møll

Interessa for den nordiske velferdsstaten førte Kaori frå Japan til Noreg

Kaori Enatsu-Møll har lenge vore interessert i velferdstenester og tema knytte til aldring og helse. Først tok ho ein master, og no er ho i gang med doktorgradsavhandlinga si ved OsloMet.

Fortel litt om prosjektet ditt! 

Prosjektet mitt handlar om kjønnsforskjellar i helse seinare i livet, og betydninga av arbeidsmiljø og familieansvar i dette. Meir spesifikt skal eg undersøke korleis forskjellar i arbeidsmiljø og familieansvar kan føre til kjønnsforskjellar i helseutvikling, og korleis yrkesavgang modererer desse samanhengane.  

Eg vil nytte meg av data frå Den norske studien av livsløp, aldring og generasjon (NorLAG).

NorLAG er ein tverrfagleg og longitudinell studie som følgjer dei same personane over tid. Det gjer det mogleg å spore overgangar i livsløpet og knytte dei til helseutfall.  

Kva lurer du aller mest på for tiden? 

For tida lurer eg mest på korleis ein kan løyse utfordringar knytte til helseutfordringar seinare i livet. Vidare så ønsker eg å sjå på dette temaet i ein større samanheng, då med ein interseksjonell tilnærming. 

Kva fekk deg til å velje å ta doktorgrad? 

Eg kjem frå Japan som har ein av dei lengst forventa levealdrane i verda og ei utfordrande eldrebølgje. Det har vekt interessa mi for velferdstenester og tema knytte til aldring og helse. 

Etter at å ha jobba nokre år i forvaltninga i Japan, førte interessa for den nordiske velferdsstaten meg til Noreg. Her tok eg  ein master i sosialfag – studieretning International  Social Welfare and Health Policy ved OsloMet. 

Gjennom masterstudiet lærte eg mykje om ulike tema innan sosial-, velferds- og helsepolitikk. Eg møtte også ein svært støttande og dyktig rettleiar, fantastiske undervisarar, og dessutan hyggelege og imøtekommande kollegaer. 

Det å skrive masteroppgåva og jobbe som vitskapleg assistent i eit internasjonalt prosjekt ved NOVA har gitt meg verdifulle og grunnleggande forskingsferdigheiter. 

Då NOVA kunngjorde stipendiat stillinga knytt til NorLAG-studien, så eg på det som eit fint høve til å fortsette vidare med alders- og livsløpsforsking gjennom eit doktorgradsprosjekt! Eg er veldig takksam for alle rundt meg som har inspirert og støtta meg til å få denne moglegheita! 

Kva er bra med å vere stipendiat ved NOVA? 

Eg får høve til å utfalde meg på den måten som eg ønsker. Eg synest at miljøet på NOVA er inkluderande og kunnskapsrikt. 

Det sosiale miljøet ved instituttet har gjort det mykje lettare for meg som ein ny doktorgradsstipendiat til å føle at eg høyrer heime her. 

Kva er draumeprosjektet ditt? 

Eg får høve til å utfalde meg på den måten som eg ønsker. Eg synest at miljøet på NOVA er inkluderande og kunnskapsrikt. Det sosiale miljøet ved instituttet har gjort det mykje lettare for meg som ein ny doktorgradsstipendiat til å føle at eg høyrer heime her. 

Fakta

Laster inn ...
Publisert: 01.07.2025 | Halvard Dyb