Har du bibliotekbakgrunn og ønskjer litt påfyll? Les vidare.
Etterspurd vidareutdanning
– Vidareutdanning har lenge vore etterspurd i biblioteksektoren og blant bibliotekarar, forklarer Tor Arne Dahl ved Institutt for arkiv-, bibliotek- og informasjonsfag.
Du kvalifiserer til vidareutdanninga med generell studiekompetanse eller med yrkespraksis i bibliotek eller nærståande institusjonar. Du treng med andre ord ikkje bibliotekfagleg utdanning for å søkja.
– Fleire tilsette i biblioteksektoren jobbar utan bibliotekarutdanning, og har eit ønske om formell kompetanse i bibliotek- og informasjonsvitskap, seier Dahl.
For framtidas biblioteksjef
Det du lærer i vidareutdanninga, er relevant for stillingar i både offentleg og privat sektor.
I kombinasjon med annan fullført bachelor- eller høgare grad vil fullført årsstudium kunna kvalifisera til stilling som fagutdannet biblioteksjef i folkebibliotek.
Få ei fagleg oppfrisking
Dei nettbaserte videreutdanningsemna innen bibliotekfag vil gi spesialisert og unik kompetanse for arbeidsoppgåver i biblioteka. Du kan altså tilpassa vidareutdanninga di etter behov og interesse.
– Me ønskjer å møta behovet i sektoren og vil leggja til rette for dei ulike målgruppene, forklarer Dahl.
Kanskje er det lenge sidan du sat på skulebenken, og tenkjer det er på tide med litt fagleg oppfrisking?
– Mange tilsette i sektoren har teke bibliotekarutdanning langt tilbake i tid, og kan ha behov for ei fagleg oppfrisking.
Enkeltemna kan også takast for å oppnå opptak på masterprogrammet i bibliotek- og informasjonsvitskap, som krev minst 80 studiepoeng innanfor fagområda til studiet.
Studer kvar du vil
Eit deltidsbasert nettstudium gir deg mykje fridom og fleksibilitet slik at du kan organisera det som du vil i kvardagen.
– Studiet vekslar mellom videoforelesingar, samtalar, gruppeoppgåver og sjølvstudium. Med andre ord kan du vera kvar som helst i landet, og framleis få eit stort fagleg utbytte, seier Dahl.