Oversiktsbilete av menneske som sit rundt fleire bord inne i Rådhuset i Oslo.

Universitetskommunen Oslo

Oslo kommune og OsloMet har inngått formelt samarbeid om Oslo som universitetskommune. Samarbeidet blei markert med ein fagkonferanse i rådhuset 10. oktober.

– Saman skal vi gjere Oslo til ein enda betre by å bu i, sa rektor ved OsloMet, Christen Krogh, då han opna Universitetskommune-konferansen i Oslo rådhus.

Fleire hundre deltakarar frå fagmiljøa i Oslo kommune og på universitetet var samla 10. oktober for å diskutere korleis vi saman kan byggje kunnskap for betre folkehelse og oppvekstvilkår i byen.

– Forskinga og utdanningane på OsloMet treff samfunnet og byen breitt, og ved å vere tett på kommunen sine tenester kan vi saman arbeide meir effektivt med å tilpasse oss behova etter kvart som dei endrar seg, seier Krogh.

Byråd for helse, eldre og innbyggjartenester, Marthe Scharning Lund, sa seg einig i opningstalen sin.

– Samarbeidet er eit steg på vegen, både for å gje meir støtte og kompetanse til tilsette ute i dei mange ulike tenestene, og få meir forsking på omsorg og velferd som kommunen treng, sa Scharning Lund.

Samarbeidsavtale signert

Universitetskommunen Oslo har vore eit pilotprosjekt sidan 2020, og no er samarbeidet formalisert gjennom ein signert avtale. Hensikta er utveksling av kunnskap og kompetanse.

Målet med avtalen er å bidra til:

– Samarbeidet er ei gåvepakke til påtroppande politisk leiing i kommunen, som eit effektivt verktøy i arbeidet med å styrke oppvekstvilkår, helse og livskvalitet i Oslo, seier Krogh.

– OsloMet har allereie hatt vellykka samarbeid med Oslo kommune i fleire år, mellom anna med satsinga vår på Holmlia der vi er tett på arbeidslivet og befolkninga med til dømes forsking på barndom i storby, seier rektor Christen Krogh.

Les meir om OsloMets aktivitetar på Holmlia

– No kan vi etablere samarbeid med fleire bydelar, noko som også inneber ein felles innsats for auka sosial mobilitet i ein by med mykje ulikskap, seier rektor.

Publisert: 16.10.2023 | Kjersti Thoresen