English version

Fakultetsadministrasjonen

Administrasjonen for Fakultet for teknologi, kunst og design blir leidd av fakultetsdirektøren, og har fire seksjonar og ein stab. Seksjonane er delte inn etter oppgåver, og går på tvers av institutta.

Fakultetsdirektøren

Fakultetsdirektøren er leiar for den samla administrasjonen i Fakultet for teknologi, kunst og design (TKD), og har personalansvar for seksjonssjefar og tilsette i staben.

    Laster inn ...

    Fakultetsdirektøren sin stab

    Arbeidsoppgåvene til staben er blant anna planlegging, koordinering og førebuing av saker for fakultetsleiinga og fakultetsstyret, kontakt med studentstyre og organisasjonar og informasjons- og kommunikasjonsarbeid. Driftsstøtte er også organisert i staben til fakultetsdirektør.   

    Oversikt over tilsette i staben.

    Seksjon for studieadministrasjon og internasjonalisering

    Seksjon for studieadministrasjon og internasjonalisering har fakultetet sitt administrative arbeid med fag- og studieplanar, kvalitetssikring, internasjonalt arbeid, eksamen, Fronter, FS, undervisningsplanlegging (timeplanar), studentforvaltning, lokalt opptak og anna studieadministrativt arbeid.

      Laster inn ...

      Oversikt over tilsette i studieadministrasjon og internasjonalisering-seksjonen.

      Seksjon for FoU

      Seksjon for forsking og utvikling har ei nøkkelrolle i fakultetet si utvikling gjennom arbeid med forskarar og forskargrupper, utvikling og oppfølging av nytt ph.d.-program og administrasjon av forskingsprosjekt.

        Laster inn ...

        Oversikt over tilsette i FoU-seksjonen.

        Seksjon for HR

        Seksjonen har arbeidsoppgåvene rekruttering og tilsetting, HMS og generell personalforvaltning på fakultetet.

          Laster inn ...

          Oversikt over tilsette i HR-seksjonen.

          Seksjon for økonomi

          Seksjonen arbeider med budsjett, økonomistyring, regnskap og prosjektøkonomi på fakultetet.

            Laster inn ...

            Oversikt over tilsette i økonomiseksjonen.