Malin si masteroppgåve er ei gåvepakke til lærarar

Fire unge kvinner står sammen i en formasjon. En person står bøyd forover og har en annen liggende på ryggen sin. To av kvinnene står på hver sin side av de to i midten og hjelper til å holde den personen som ligger oppå den andre. Alle fire smiler og ler.

I oppgåva såg Malin på korleis drama som læringsform kan brukast for å bidra til djubdeforståing av dei tre tverrfaglege temaa «folkehelse og livsmestring», «demokrati og medborgarskap» og «berekraftig utvikling» i Fagfornyinga. I ressursheftet finst pedagogiske eksempel, planleggingsskjemaer og også dramapedagogiske økter ein kan bruke i digitalskuleløysingar.  

Malin fortel at ho har vore interessert i dramapedagogikk gjennom heile studietida ved OsloMet.

– Likevel var det først då eg hadde emnet «Prosjekt i praksis» på masterstudiet at eg verkelig fekk ideen om å undersøke drama som læringsform i Fagfornyinga og å lage ressursheftet for lærarar og dramapedagogar.

– Eg hugsar ikkje heilt nøyaktig korleis ideen oppsto, men Fagfornyinga og ein aukande mediedekning, med fokus på innhaldet i skulen, var nok noko av grunnen.

Fagfornyinga

– Fagfornyinga handlar om at skulens læreplanar skal fornyast. 

– Nokon av dei største endringane handlar om å innføre tre tverrfaglege tema: «demokrati og medborgarskap», «folkehelse og livsmestring» og «berekraftig utvikling», og å kutte ned på talet læreplanmål for å betre kunne tilrettelegge for djubdelæring, forklarar Malin.

– I tillegg jobba læreplangruppene med ein større og betre samanheng i og mellom fag, og mellom dei ulike delane i Fagfornyingan: opplæringas verdigrunnlag, dei tre tverrfaglege temaa, grunnleggjande ferdigheiter og dei ulike læreplanane for kvart enkelt fag.

Malin ser i kamera og smiler

Drama som metode

Malin er opptatt av metodemangfold og at estetiske fag må få større plass i undervisinga.

– I dag finst det fleire studiar som dokumenterer arbeidet og effekten med kunst- og kulturfag i skulen. Studiane trekk blant anna fram at elevar blir tryggare innan lesing og kommunikasjon, dei viser større empatisk evne, taklar stress betre og blir flinkare i problemløysing. Elevane blir også meir aktive i å uttrykke si eiga meining og dei utviklar ei større interkulturell forståing.

– Med drama som læringsform føregår undervisinga ofte i fiksjon, elevane lærer ved å oppleve og erfare, og ved å ta i bruk ein kroppsleg, relasjonell, utforskande, skapande og affektiv tilnærming til læring, i tillegg til det kognitive, seier Malin.

– Med så positive resultat er det likevel tankevekkjande at drama og teater, og kunstfaga generelt, får så lite tid i dagens skule. Nettopp difor håpar eg at mitt masterprosjekt kan medverke til at fleire får augene opp for drama som læringsform, og at dette igjen kan bidra til kompetanseheving og metodemangfold i skulen.

Bachelor gav meirsmak

Malin har alltid vore kreativ og interessert i å leike, skape og utforske - og det var aldri noko tvil om at ho kom til å utdanne seg innanfor noko som hadde med kunst og kultur å gjere, fortel ho.

Ho flytta frå Alta til Oslo for å ta ein bachelor i drama og det gav meirsmak.

– Eg fekk lyst til å fordjupe meg endå meir i faget. Og fordi eg allereie hadde tatt bachelor i drama- og teaterkommunikasjon og deretter PPU i drama- og teaterkommunikasjon ved HiOA/OsloMet, var valet om å fortsetje på masterstudiet enkelt.

– Det virka spanande å i større grad skulle få forske og undersøke tema og problemstillingar på eiga hand. Og fordi klasse- og studiemiljøet har vore så utruleg bra ved instituttet, var valet opplagt.

Dramafaget i seg sjølv bidreg til eit godt studiemiljø, fordi faget er så avhengig av at alle er tilstade, samarbeider og lærer i samspel med kvarandre. – Malin

Fantastisk studiemiljø og lærarar

Avgangsstudenten skryt av både lærarar og medelevar.

– Eg har storkost meg gjennom alle åra ved OsloMet. Noko av grunnen til det, trur eg, er at klassane har vore forholdsvis små, slik at vi studentane har blitt godt kjent med kvarandre, og fått god tid med - og oppfølging av lærarane.

– Ein annan grunn er at dramafaget i seg sjølv bidreg til eit godt studiemiljø, fordi faget er så avhengig av at alle er tilsaede, samarbeider og lærer i samspel med kvarandre.

– Ein tredje grunn er dei fantastiske lærarane. Studiet hadde aldri vore så bra om det ikkje var for lærarane. Ikkje berre har dei høg fagleg kompetanse og god formidlingsevne, men også evna til å sjå kvar enkelt student og til å vise omsorg gjennom svært god rettleiing og faglege utfordringar tilpassa den enkelte.

Relevant og mangfoldig utdanning

No er du snart ferdig med studiane. Kva tenkjer du om arbeidsmarknaden?

– Eg opplev utdanninga som svært relevant og mangfoldig. Gjennom utdanninga er vi innom ei rekkje emner og interessefelt, slik at vi på den måten får moglegheita til sjølv å utforske i kva retning vi vil gå.

– I tillegg lærer vi å tenkje kreativt og «utanfor boksen», å arbeide sjølvstendig og å forme vår eigen arbeidsplass. Eg ser at fleire av mine medstudentar enten har fått eller skapt seg drøymejobben, men at arbeidsmarknaden er vanskeleg for nokre. Likevel opplev eg at skulen sine lærarar flittig både tipsar, kjem med råd, anbefalingsbrev og invitasjonar til forskingssamarbeid. Det er godt å oppleve at lærarane i så stor grad hjelp oss «nye» opp og fram!

Sjå moglegheitene innan det dramapedagogiske fagfeltet

Malin anbefalar studiet på det varmaste.

– Masterutdanninga har utruleg dyktige lærarar og rettleiarar. Du kan dessutan forme ditt eige løp, noko som gjer at du sjølv kan velje i kor stor grad du vil jobbe praktisk eller teoretisk med prosjektet ditt. Her er nokre for einkvar smak, seier ho.

– I tillegg anbefalar eg fleire å undersøke, og å ta i bruk moglegheitene som det dramapedagogiske fagfeltet har. Om interessen er der, anbefalar eg å sjekke ressursheftet som eg har laga i forbindelse med masterprosjektet mitt. Heftet passar både nybegynnarar og dei meir erfarne.

Det er også verdt å nemne at studentane har ein mangfaldig bakgrunn og eit vidt aldersspenn, fortel Malin. Det bidreg til at ein både kan lære av kvarandre på tvers av interessefelt, men også på tvers av livsfasar.

– Gjennom studiet får du vener for livet, ryggsekken full av kunnskap og erfaringar, og eit breitt nettverk av kontaktar.

Eg skal fortsetje med å jobbe som drama- og teaterpedagog og med å spreie det glade bodskap om drama som læringsform i skule og kvardag. – Malin

Vegen vidare

Kor går vegen vidare etter masterstudiet?

– Vegen etter master blir til medan eg går den, og eg går ei spanande framtid i møte.

– Noko veit eg likevel sikkert. Eg skal fortsetje å jobbe som drama- og teaterpedagog og med å spreie det glade bodskap om drama som læringsform i skule og kvardag, avsluttar Malin.

Her finn du Malin sitt ressurshefte i dramapedagogikk (uni.oslomet.no)