Etter fleire år i filmbransjen, der han jobba med visuelle effektar som VFX-artist, fann han tilbake til interessa si for informasjonsteknologi (IT). Dette leidde han til OsloMet og bachelorstudiet i informasjonsteknologi – eit val som skulle vise seg å vere heilt rett for han.
God balanse mellom teori og praksis
Jørgen kjem frå Førde, og budde alt i Oslo då han bestemte seg for å starte på bachelorstudiet i informasjonsteknologi. Å velje studium var derimot ikkje heilt enkelt:
– Eg hadde inga høgare utdanning frå før og visste ikkje heilt kva eg skulle velje. Eg visste berre at eg likte IT då eg hadde det som valfag på vidaregåande, og eg syntest det var gøy. Då eg skulle starte på nytt, tenkte eg tilbake på det, og bestemte meg for å ta ein bachelor i IT.
Å finne rett studium og universitet var utfordrande, spesielt når det var nesten ti år sidan han gjekk ut av vidaregåande.
– Det var mykje å velje mellom, og eg fekk ikkje den same oppfølginga med rettleiing som dei som kjem rett frå vidaregåande. Men OsloMet såg ut til å ha den rette balansen mellom teori og praktisk læring, noko som var viktig for meg, fortel han.