Finn du ikkje hjelp her, eller på EndNote-sidene våre, kan du kontakte Universitetsbiblioteket. Du kan også sjå om du finn det du trenger på Alfasofts hjelpeside (support.alfasoft.com). Alfasoft er den norske leverandøren av EndNote.
-
Kvifor stansar installasjonen av EndNote?
Årsaka til at installasjonen stansar er som regel at nokre av Office-programma (Word, PowerPoint, Outlook eller liknande) er opne. Lukk desse og prøv på nytt.
OBS: Viss du har Mac, hugs at det ikkje held å berre lukke vindauget for å stenge programmet. Anten høgreklikk + Control på appsymbolet nedst på skjermen, eller stå i programmet og trykk Command + Q.
-
Kvar er EndNote-verktøylinja i Word?
Det hender at EndNote-verktøylinja forsvinn frå Word, og det kan vere ulike grunnar til at dette skjer. Ofte kjem det at Word og andre Office-program ikkje har vore lukka fullstendig under installasjonen av EndNote.
For å få inn verktøylinja i Word, prøv dette (på PC):
- Sørg for at alt av Office-program er stengt (Word, Outlook, Excel eller liknande).
- Gå til søkeboksen nedst til høgre og søk etter "Apps & Features" / "Apper og funksjoner".
- Søk etter EndNote og klikk deretter på "Modify"/"Endre".
- Vel så "Modify" i neste vindauge og gå gjennom dei neste trinna som dukkar opp.
Viss dette ikkje fungerer, forsøk å installere EndNote-programmet på nytt. EndNote-biblioteket ditt behalde på maskina di når du gjer dette, men ta gjerne ein tryggingskopi for å vere på den sikre sida.
-
Korleis ta tryggingskopi av EndNote-biblioteket ditt
Gå til EndNote og vel File > Compress Library.
Her kan du anten sende tryggingskopi på e-post til deg sjølv, eller lagre den som ei fil på datamaskina di. Vel du sistnemnde tilrår vi at du flyttar denne fila til ei skylagring etterpå, så er du sikra i tilfelle du mistar eller skader maskina di.
-
Verktøylinja i Word manglar ein del val
Viss du nyttar skrivebordsversjonen av EndNote skal det stå "Go to EndNote" på EndNote-knappen i verktøylinja. Viss det står "Go to EndNote Online" på EndNote-knappen i verktøylinja er den innstilt på å hente referansar frå EndNote Online fremfor EndNote-biblioteket på PC-en din eller Mac.
Du kan endre dette på følgjande måte:
- Vel EndNote-fanen i Word.
- Vel 'Preferences'.
- Under 'Application' vel du EndNote.
-
Problem med å hente inn referansar i Word
Finn du ikkje ein referanse som du veit du har i EndNote-biblioteket ditt? Då er EndNote i Word mest sannsynleg stilt inn på at han skal hente referansar frå EndNote Online og ikkje EndNote-biblioteket på PC-en din/Mac.
Du kan endre dette på følgjande måte:
- Vel EndNote-fanen i Word.
- Deretter "Preferences".
- Under "Application' vel du EndNote.
-
Du får beskjed om at EndNote-biblioteket ditt er skadd
-
Initialar eller fornamn dukkar opp i forfatternamn i tilvisinga i teksten
Når du nyttar APA skal vanlegvis berre etternamnet stå i tilvisninga i teksten, slik som dette:
(Nortvedt, 2021).
Iblant hender det at initialar eller fornamn dukkar opp i tilvisinga, slik som dette:
(P. Nortvedt, 2021)
(Per Nortvedt, 2021)
Dette er rett om du i ein og same tekst viser til to ulike forfattarar med same etternamn. Men viss dette skjer med fleire referansar skrive av same forfattar må du rette opp i registreringa av forfatternamn i EndNote.
Forfatternamn bør registrerast heilt likt i EndNote, til dømes: Nortvedt, Per (ikkje: "Nortvedt, Per" på ein referanse og "Nortvedt, P" på ein annan referanse). Vel ei av formene og ver konsekvent i registreringa.
-
Litteraturlista/referanselista doblar seg ved sitering
Dersom sjølve litteraturlista doblar seg når du set inn referansar i Word, kan du lage ein tryggingskopi ved hjelp av spesielle tastekombinasjonar. Slik gjer du det:
- Lag kopi av teksten (berre teksten, ikkje litteraturlista).
- Stå i Word-dokumentet (teksten). Klikk på EndNote i toppfanen. Vel "Convert Citations and Bibliography", vidare "Convert to Unformatted Citations".
- Trykk Ctrl + A. Viser alle kodar.
- Trykk Ctrl + 6. Dette fjernar alle andre kodar.
- Trykk Ctrl + C. Dette kopierer alt du har på skjermen.
- Opne eit tomt, nytt Word-dokument. Her trykkjer du CTRL + V og teksten kjem inn.
No har du ein uformatert tekst (tekst utan referansar). Klikk "Update Citations and Bibliography". No vil krøll-klammene forsvinne og referansane dukkar opp igjen.