English version

Problem i EndNote – tips og løysingar

Fungerer ikkje EndNote heilt som det skal? Her er nokre forslag til korleis du sjølv kan løyse enkle eller vanlege feil og problem i EndNote.

Finn du ikkje hjelp her, eller på EndNote-sidene våre, kan du kontakte Universitetsbiblioteket. Du kan også sjå om du finn det du trenger på Alfasofts hjelpeside (support.alfasoft.com). Alfasoft er den norske leverandøren av EndNote.

  • Kvifor stansar installasjonen av EndNote?

    Årsaka til at installasjonen stansar er som regel at nokre av Office-programma (Word, PowerPoint, Outlook eller liknande) er opne. Lukk desse og prøv på nytt.

    OBS: Viss du har Mac, hugs at det ikkje held å berre lukke vindauget for å stenge programmet. Anten høgreklikk + Control på appsymbolet nedst på skjermen, eller stå i programmet og trykk Command + Q.

  • Kvar er EndNote-verktøylinja i Word?

    Det hender at EndNote-verktøylinja forsvinn frå Word, og det kan vere ulike grunnar til at dette skjer. Ofte kjem det at Word og andre Office-program ikkje har vore lukka fullstendig under installasjonen av EndNote.

    For å få inn verktøylinja i Word, prøv dette (på PC):

    1. Sørg for at alt av Office-program er stengt (Word, Outlook, Excel eller liknande).
    2. Gå til søkeboksen nedst til høgre og søk etter Apps & Features / Apper og funksjoner.
    3. Søk etter EndNote og klikk deretter på Modify/Endre.
    4. Vel så Modify i neste vindauge og gå gjennom dei neste trinna som dukkar opp.

    Viss dette ikkje fungerer, forsøk å installere EndNote-programmet på nytt. EndNote-biblioteket ditt blir beheldt på maskina di når du gjer dette, men ta gjerne ein tryggingskopi for å vere på den sikre sida.

  • Korleis ta tryggingskopi av EndNote-biblioteket ditt

    Gå til EndNote og vel File > Compress Library.

    Her kan du anten sende tryggingskopi på e-post til deg sjølv, eller lagre den som ei fil på datamaskina di. Vel du sistnemnde tilrår vi at du flyttar denne fila til ei skylagring etterpå, så er du sikra i tilfelle du mistar eller skader maskina di.

  • Verktøylinja i Word manglar ein del val

    Viss du nyttar skrivebordsversjonen av EndNote skal det stå Go to EndNote på EndNote-knappen i verktøylinja. Viss det står Go to EndNote Online på EndNote-knappen i verktøylinja er den innstilt på å hente referansar frå EndNote Online fremfor EndNote-biblioteket på PC-en din eller Mac.

    Du kan endre dette på følgjande måte:

    1. Vel EndNote-fanen i Word.
    2. Vel Preferences.
    3. Under Application vel du EndNote.
  • Problem med å hente inn referansar i Word

    Finn du ikkje ein referanse som du veit du har i EndNote-biblioteket ditt? Då er EndNote i Word mest sannsynleg stilt inn på at han skal hente referansar frå EndNote Online og ikkje EndNote-biblioteket på PC-en din/Mac. 

    Du kan endre dette på følgjande måte:

    1. Vel EndNote-fanen i Word.
    2. Deretter Preferences.
    3. Under Application vel du EndNote.
  • Du får beskjed om at EndNote-biblioteket ditt er skadd

  • Initialar eller fornamn dukkar opp i forfatternamn i tilvisinga i teksten

    Når du nyttar APA skal vanlegvis berre etternamnet stå i tilvisninga i teksten, slik som dette:

    (Nortvedt, 2021).

    Iblant hender det at initialar eller fornamn dukkar opp i tilvisinga, slik som dette:

    (P. Nortvedt, 2021)

    (Per Nortvedt, 2021)

    Dette er rett om du i ein og same tekst viser til to ulike forfattarar med same etternamn. Men viss dette skjer med fleire referansar skrive av same forfattar må du rette opp i registreringa av forfatternamn i EndNote.

    Forfatternamn bør registrerast heilt likt i EndNote, til dømes: Nortvedt, Per (ikkje: Nortvedt, Per på ein referanse og Nortvedt, P på ein annan referanse). Vel ei av formene og ver konsekvent i registreringa.

  • Litteraturlista/referanselista doblar seg ved sitering

    Dersom sjølve litteraturlista doblar seg når du set inn referansar i Word, kan du lage ein tryggingskopi ved hjelp av spesielle tastekombinasjonar. Slik gjer du det:

    1. Lag kopi av teksten (berre teksten, ikkje litteraturlista).
    2. Stå i Word-dokumentet (teksten). Klikk på EndNote i toppfanen. Vel Convert Citations and Bibliography, vidare Convert to Unformatted Citations.
    3. Trykk Ctrl + A. Viser alle kodar.
    4. Trykk Ctrl + 6. Dette fjernar alle andre kodar.
    5. Trykk Ctrl + C. Dette kopierer alt du har på skjermen.
    6. Opne eit tomt, nytt Word-dokument. Her trykkjer du CTRL + V og teksten kjem inn.

    No har du ein uformatert tekst (tekst utan referansar). Klikk Update Citations and Bibliography. No vil krøll-klammene forsvinne og referansane dukkar opp igjen.