English version

Medieseksjonen

Tenester

  • Produksjon av film, lyd og bilete

    Videoproduksjon

    Vi har spesialkompetanse innan alle fagfelt knytt til videoproduksjon og produserer dokumentarar, reklame og informasjons- og undervisningsfilmar både for interne og eksterne oppdragsgivarar.

    Vi hjelper studentar og tilsette med å realisere store og små prosjekter enten som rådgjevarar i startfasen eller som produsentar for heile prosjektet.

    Medieseksjonen har i periodar stort produksjonspress, så ventetid må påreknast.

    Før du byrjar å planlegge innhaldet i ein film som skal publiserast på FilMet må du hugsa på:

    Strøyming - direktesendt tv

    Vi kan hjelpe deg med strøyming og/eller opptak av konferansar og forelesningar. Med strøyming kan du formidle innhaldet ditt til fleire enn dei som kan være til stades under sjølve arrangementet. Programmet blir produsert på direkten.

    NB: Slike produksjonar er ressurskrevjande med omsyn til personar og utstyr, ta difor kontakt med oss minimum 3 veker før arrangementet skal haldast.

    Lydproduksjon

    Vi har eit fullt utstyrt fleirspors lydstudio basert på Avid HDX og Pro Tools, der vi gjer nær all postproduksjon av våre opptak og filmar. I studio kan vi utføre alt frå innlesing av enkel tale til opptak og fleirspors miks av orkester eller film.

    Fotografering

    Vi kan hjelpe med fotografering og kan også gje enkel introduksjon til kamerautstyr og fototeknikk til både studentar og tilsette. Vi held og kurs i introduksjon til fotografi, etter avtale. 

    Lån kamera og AV-utstyr i Oria (oria.no).

  • Studiofasilitetar

    Studio48 

    I Studio48 kan du som tilsett ved OsloMet gjere videoopptak av intervju, presentasjonar (med eller utan PowerPoint og liknande), boklanseringar, helsingar, taler, introduksjonar og så vidare. Studioet er bemanna med ein teknikar og studiotid må reserverast i god tid. Vel du å legge produksjonen opent tilgjengeleg via FilMet kjem du fram i køa (film.oslomet.no).

    Det er viktig å vere godt førebudd før opptak. Ved fyrstegongsopptak er det difor naudsynt med ein førebuande samtale i god tid før opptak.

    TV-studio P48

    TV-studioet ligger i Pilestredet 48, 3. etasje. Studioet er tilgjengeleg etter avtale for alle studentar og tilsette på OsloMet. Det er enkelte restriksjonar på bruken, då noko av det tilgjengelege utstyret krev spesialkompetanse. Rommet er brukt som klasserom for Medier og kommunikasjon og vil difor vere opptatt i undervisning og produksjonsperiodar.

    • Spesifikasjonar

      TV-studio dekkjer eit areal på 15 x 6 meter og er konstruert som eit spesialrom for foto og videoproduksjon. Studioet har lysgrid i taket for montering av studiolamper og kan på full kapasitet levere 18 000 watt frå tre stk. 6-kanals Okero dimmarar. Studioet har quartslamper frå 300 til 800 watt (3200k) og er utrusta med faste dimbare taklyslamper med dagslystemperatur (5600k).

      TV-studio har Molton blackbox på skinnetrekk samt kvit gardinhorisont og greenscreen.

    Selfiestudio

    Selfiestudio i P48 (R306) er eit lite videostudio for tilsette som vil gjere opptak av korte og lengre førelesingar for publisering på nett.

    Rommet inneheld: kamera, mikrofon, TV-monitor og eit styringspanel som gjer det enkelt å bruke utstyret. Alt du treng å ta med deg sjølv er ein pc med presentasjonen din og ein minnepinne til å lagre opptaka dine på. Du kan reservere tid i rommet på lista som heng på veggen utanfor studioet. 

    Dersom du kjem som fyrstegongsbrukar er det lurt å be Medieseksjonen om ei kort innføring i bruk av utstyret. 

    Lydstudio P48

    Frydenlyd er eit opptaks-/post-produksjonsstudio for lyd og lyddesign. 

    Studioet tilbyr avdelingar og utdanningar ved OsloMet og eksterne oppdragsgivarar lydtenester som lydbøker, fleirsporsopptak, lydmix, video/film post-produksjon og mastring. Studioet nyttar Pro Tools HDX og D-Command.

    Studioet er bemanna med ein teknikar og studiotid må reserverast i god tid.

  • Innkjøp av utstyr

    Vi hjelper til med å skaffe audiovisuelt utstyr til fakultet og avdelingar. 

    Om du ikkje finn det du har behov for i utlånet vårt (oria.no), men ønskjer å kjøpe eget kamera/videokamera eller lydopptakutstyr til bruk i undervising eller forsking, kan du ta kontakt med oss for rådgjeving og innkjøp.

    Vi kan også gi råd om val av program for redigering og etterbehandling av lyd- og bileteopptak.

    Tilsette som ønskjer å bestille utstyr til møte- og undervisningsrom må ta kontakt med Auditoriehjelpen (ansatt.oslomet.no).

  • Lyd til arrangement

    Har du behov for lydforsterking i samband med ekstraordinær forelesing, kulturelle innslag, sang, dans og musikk?

    Vi tilbyr følgande lydtenester:

    • Enkelt DJ-/talelyd-anlegg, sjølvbetent.
    • Middels sang-, tale- og DJ-anlegg (PA), sjølvbetent eller AV-hjelp.
    • Større PA-produksjon for band, revy, lunsjkonserter, avhengig av teknikar.

    PA = høgtalarar som egner seg for musikk og konsertlyd overfor ei større mengde publikum. Lån av dette utstyret må alltid avtalast god tid på førehand. Ved større arrangement eller behov for teknikar utover normal arbeidstid kan avtalar om overtidsbetaling være aktuelt. 

    NB: Vi har mange oppdrag – kontakt oss derfor minimum 14 dager før arrangementet skal haldast. 

  • Utlån av audiovisuelt-utstyr

    Du kan låne over 40 forskjellige typar AV-utstyr. Utlånet av AV-utstyr skjer hos IT-servicedesk i P48.

    Informasjon om AV-utlånet og hvilke utstyr som kan bookast i Oria av ulike brukergrupper på OsloMet.

FilMet

FilMet er OsloMets portal for undervisningsfilm (film.oslomet.no), og er laga for både studentar og tilsette. Filmane er sortert etter fakultet, institutt og emneord. Informasjon om FilMet inkludert publiseringsavtalar (film.oslomet.no).

Dei fleste filmane ligg åpent tilgjengeleg og nedlastbart, men er knytt til ein Creative Common-lisens (creativecommons.org) som har restriksjonar for bruk og deling. Filmane kan lastast ned og deles med andre så lenge OsloMet er namngjeve som opphavsperson, men filmane kan ikkje endrast eller brukast kommersielt.

Har du eiget materiale som du meiner er relevant å publisere på FilMet, så ta kontakt med oss: medieseksjonen@oslomet.no.

Ansatte

Laster inn ...

Heimekontor

Medieseksjonen tilbyr veiledning og rådgjeving i samband med bruk av utstyr for lyd/bilete/kamera/telefon på heimekontoret. Det er sjølvsagt ikkje alt som kan løysest over distanse, men kanskje meir enn ein skulle tro. Vi har bred kompetanse på mange av dei tekniske problemstillingane tilsette møter. Ta kontakt om du har ei utfordring du tror vi kan hjelpe deg med.

Kontakt

Send oss ein e-post: medieseksjonen@oslomet.no

Vi kan om ønskeleg ta kontakt med deg på Zoom/Teams eller annen måte med videobilete om det er konkrete ting/utfordringar du vil vise oss.

Trenger du hjelp til oppsett av IT- og AV-teknisk utstyr i undervisnings- og møterom? Ta kontakt med Auditoriehjelpen (ansatt.oslomet.no).

Publisert: 14.12.2018 | Universitetsbiblioteket