Forskingsgruppa er interessert i å forstå elevars, lærarstudentars og lærarars perspektiv og erfaringar i møte med matematiske problemstillingar. Derfor forskar vi på ulike aktørar i utdanningssystemet. Vi bruker også oppgåver/opplegg som verktøy for å fange opp korleis menneske tenker om matematikk og korleis menneske snakkar matematikk.
I undervisning i matematikkdidaktikk blir oppgåver og opplegg brukt som handlar om matematikken sjølv, men også som handlar om matematikkundervisning. «Tasks» er eit samleomgrep for slike oppgåver og opplegg.
Alle medlemmene av forskingsgruppa underviser matematikk og matematikkdidaktikk i lærarutdanninga, og har felles interesser i å utvikle faget.
Forskningsgruppeledere
Medlemmer
Meir om forskingsgruppa
Forskingsgruppa er fagspesifikk på den måten at alle medlemmene underviser matematikk og matematikkdidaktikk i lærarutdanninga. Vi har ei felles interesse i å forbetre vår eiga undervisning, også når det gjeld kva oppgåver vi vel ut, og korleis vi formar ut undervisningsaktivitetar, arbeidskrav og eksamensoppgåver.
Den felles interessa vår i task design frå eit undervisningsperspektiv har to styrkar:
- Det gjer det mogleg å strukturere møta i gruppa slik at alle medlemmene har nytte av å delta, sidan forskinga vi diskuterer har relevans for undervisninga vår.
- I tillegg blir forskingsgruppa eit forum der det blir enklare for medlemmer som er i starten av forskarkarrieren å bygge opp forskarkompetansen sin.
Spørsmål som er aktuelle innan task design omfattar:
- rammeverk og prinsipp for task design
- relasjonen mellom task design, metodikk og elevars/studentars læring
- elev-/studentperspektivet i task design
- design av oppgåver og aktivitetar til lærebøker
- ressursar som blir trekte inn i utvikling av oppgåver
- korleis elevar/studentar og lærarar tolkar oppgåver og aktivitetar i diverse ressursar, og målet med desse
- korleis designprinsipp speglar ulike måtar å oppfatte matematiske omgrep
- korleis elevars oppleving av matematikk er påverka av lærers pedagogiske tilnærming og val av oppgåver og aktivitetar
- task design og implementering av sekvensar av oppgåver og aktivitetar
- korleis lærarar og lærarstudentar ser på task design, og korleis dei vel å lage sekvensar av oppgåver og aktivitetar og å tilpasse desse
- korleis task design kan relaterast til kjerneverdiane i samfunnet
- task design og individuelle forskjellar mellom elevar
Forskingsinteresser
Forskingsinteressene til medlemmene spenner elles over mange ulike område:
- algebraisk geometri, spesielt moduli av buntar på korger og ikkje-kommutativ algebraisk geometri
- enkelte aspekt knytte til matematikk i skolen, for eksempel formativ og summativ vurdering, bevis og argumentasjon, algebra, programmering i matematikk, yrkesretta matematikk, matematisk kreativitet og matematikkens historie
- enkelte aspekt knytte til matematikk i lærarutdanninga, blant anna effekten av task design på lærarstudentar kompetanse i å undervise matematikk, lærarstudentars måtar å svare på didaktiske spørsmål på, relasjonen mellom teori og praksis i lærarutdanninga, meistringsforventningar i å undervise matematikk, lærarstudentars og den matematiske kompetansen til lærarane innan for eksempel rasjonale tal, sannsyn, algebra og det å undervise slike tema
Forskningsprosjekter
Medlemmene våre er involverte i mange ulike forskingsprosjekt, inkludert to prosjekt med støtte frå Noregs forskingsråd gjennom FINNUT-programmet:
- Inclusive Mathematics Teaching: Understanding and developing school and classroom strategies for raising attainment (IMaT) (2019-2022).
- Teacher Qualification for the 21st century - teachers' professional competence (TEQ21) (2018-2023) (nva.sikt.no).
Andre prosjekt:
- Pre-service teachers’ developing theorizing about mathematics teaching during school placement.
- Developing a research disposition.
- Algebragruppen
- Nasjonalt nettverk for seksualitetsundervisning