– Å dirigere kor kan gjere deg til ein betre leiar

Rektor Curt Rice foran syngende kor på en scene

– Ein leiar har mange ulike roller. Er ein medviten om rollene sine kan ein bli ein god leiar, seier førsteamanuensis Dag Jansson ved OsloMet, som har forska på musikalsk leiing både i og utanfor musikken.  

Etter at ei toppleiargruppe i eit norsk konsern hadde dirigert og sunge saman undersøkte Dag Jansson dei fem og åtte år etter.  

Det viste seg at for mange av dei hadde denne erfaringa sett djupe spor og til dels endra korleis dei oppførte seg som leiarar. Grunnen til at dei musikalske erfaringane festa seg ligg i det kroppslege, enten det handlar om positive eller negative situasjonar.

Portrett Dag Jansson som i dressjakke og har hendene foldet under kinnet

– Det er mogleg å trekke ein heil del parallellar mellom musikkleiing og leiing elles i samfunnet, seier forskar Dag Jansson ved OsloMet.

–  Ein kordirigent som gir mange signal til koret vil gjere musikarane usikre og resultatet blir fort kaotisk. Det same kan ein finne att i leiarrollen utanfor musikken. Mykje detaljstyring eller mange styringssignal kan øydelegge for resultatet. 

– Det er mogleg å trekke ein heil del parallellar mellom musikkleiing og leiing elles i samfunnet, seier Jansson.  

 

Ulike leiarroller

Ein musikalsk leiar har fire ulike roller, og alle desse rollene finn ein att i leiing, ifølge Jansson:

  1. Kunstnaren: Leiaren som skapar meining av det musikalske materialet.
  2. Handverkaren: Leiaren som tek ideen om musikken og gjer det om til eit klingande resultat. 
  3. Mentoren: Sette folk i stand til å musisere ved å inspirere og krevje og få, til dømes koret, til å produsere den ønska lyden. 
  4. Administratoren: Sjå til at rammevilkåra gjer det mogleg å oppnå ønska resultat. 

Rektor Curt Rice ved OsloMet (sjå video) fekk prøve seg som kordirigent og kjenne på korleis det var å leie ei gruppe dyktige songarar. Undervegs kom førsteamanuensis Dag Jansson med tilbakemeldingar. 

Korleis kan eit kor hjelpe ein leiar? 

For mange leiarar kan det ta lang tid å sjå resultata av ulike grep dei tar. Ei avgjerd, ein epost eller ein ny strategi kan bruke lang tid gjennom organisasjonen før den trår i kraft.   

–  Musikk er spesielt egna til å sjå på menneskeleg samhandling, seier Dag Jansson.  

Opplevinga av kommunikasjon og aksjon i musikken er fantastisk. Musikarane reagerer umiddelbart på leiinga, og ein kan høyre resultatet med ein gong. Leiing utanfor musikken får oftast ikkje denne umiddelbare reaksjonen, ifølge forskaren. 

Curt er passiv. Dag Jansson forklarer at han gjer ein forskjell.

Leiing er kropp 

Leiarar kan snakke mykje, meine mykje og skrive mykje, og leiinga kan difor lett oppfattast som veldig språkleg.  

I musikken brukar dirigenten kroppen, blikket og pusten for å leie koret og oppnå musikalske resultat.  

–  Ved å vere medviten på eigen kropp, kan ein bli ein betre leiar, ifølgje Dag Jansson. Når han set ulike leiarar framfor koret, får mange sjokk over kor mykje dei påverkar resultata utan ord. Dette er ei viktig bevisstgjering.  

–  Eg har oppfordra leiarar til å ikkje snakke ein halv dag på jobben, seier Dag Jansson. Dei melder attende at det har verka overraskande bra. 

Curt er overaktiv. Dag forklarer om overbelastning.

Leiing er maktutøving 

Leiing er sjølvsagt og å utøve makt, understrekar Dag Jansson.  

Men ein god leiar kan ikkje kun utøve makt, det kan fort bli oppfatta parodisk. 

På den andre sida: Blir leiinga for sensitiv, altså at ein berre lyttar og forstår koret eller dei ansatte, mistar den krafta og resultatet kan bli daft og umusikalsk. Når balansen mellom makt og sensitivitet er god oppstår det musikk, også i overført tyding.  

Men er det naudsynt med ein leiar? 

I utgangspunktet kan ei gruppe tilsette eller musikarar klare seg heilt fint utan ein leiar.

Hvis oppgåva blir for kompleks eller gruppa med tilsette for stor, veks det imidlertid fort fram eit behov for nokon som kan leie det heile. 

Det er viktig å hugse på at dirigenten ikkje lagar lyden, og at leiarar ikkje produserer varer eller tenester, seier Jansson. Det er gruppa eller dei tilsette som leverer resultata, eller musikken, om du vil. 

Høyr Dag Jansson snakke om musikalitet, leiing og dirigentrolla i denne podkastepisoden av Viten og snakkis.

Referansar: 

Leading Musically, SEMPRE Studies in The Psychology of Music, Dag Jansson 2018

Kontakt

Laster inn ...

Relaterte saker

To kvinner som står og snakker med hverandre med et kontorlandskap synlig i bakgrunnen
Slik blir du en bevisst leder

– Skaff deg innsikt i hvordan du virkelig virker som leder.

Publisert: 26.02.2019
Sist oppdatert: 06.08.2020
Tekst: Hallvard Lavoll
Foto: Kristin Mehlum (foto og video)