Korleis er det å leve med vindturbinar så nære som 600 meter frå husveggen?

Grøn mark med markblomster og vindturbinar lengst bote mot sjøkanten. Vi ser husa på ein gard til venstre.

Kort oppsummert

  • Folk tolkar og tilpassar seg energiinfrastruktur på svært ulike måtar, som landemerke, vêrsignal og naboar, men også som ei kjelde til uro og irritasjon.
  • Forskinga viser at energiutbygging ikkje berre handlar om naturinngrep og kraftproduksjon, men også om kvardagsliv, kjensler og tilhøyrsle til landskapet.
  • Det er eit spørsmål om rettferd når lokalsamfunn lever tett på kraftproduksjonen, men sjølve får liten nytte av han og framleis har høge energikostnader.
  • Forskaren meiner innbyggjarane sine eigne erfaringar bør få større plass i planlegginga, og at lokale gevinstar kan gjere energiutbygging lettare å akseptere. 

Kort oppsummert er delvis laga ved hjelp av ChatGPT. Teksta er kvalitetssikra av OsloMet. 

Dei ser vindturbinane frå kjøkkenvindauget, på veg til jobb eller på stranda: Energianlegg som produserer straum er kontinuerleg til stades i liva til orknøyingane.

Neil Gordon Davey si doktorgradsforsking i innovasjon og berekraft ved OsloMet løftar fram kvardagslivet nær slike energianlegg, med kamera og fotografering som nøkkel.

Davey viser at folk ikkje berre meiner noko om turbinar og anna energiinfrastruktur, dei lever med dei, tolkar dei og tilpassar seg ulikt til dei.

– Energiutviklinga er nyansert og svært stadspesifikk, framhevar Davey, som legg vekt på at menneske er tilpassingsdyktige. Vi tilpassar oss ofte på våre eigne, unike måtar.

Nokre finn praktisk meining i det: Turbinblada blir til dømes vêrsignal og landemerke. Ein rask kikk på rotasjonsretninga fortel kvar vinden og neste regnbye kjem frå.

Andre gir turbinar personlegdom: Dei får namn, blir omtalt som naboar, eller som noko ein balanserer i hage og utsyn.

Kroppen kan også vere med: Éin deltakar sumde på rygg i takt med turbinblada. Slike kvardagslege praksisar viser korleis infrastrukturen blir erfaring, ikkje berre utsjånad.

Forsking på oppleving av energiutvikling

  • På Orknøyane finst det over 900 turbinar frå små til industrielle, i nokre tilfelle om lag 600 meter frå bustader, på ei øygruppe med 22 000 innbyggjarar. Det finst også marine energifasilitetar og infrastruktur for olje- og gassindustri.
  • Forskingsmetode: Deltakande fotografi over om lag eitt år, intervju der foto vert brukte som utgangspunkt; 15 deltakarar; over 1 300 foto frå over 80 stader; og offentleg multimediell utstilling.

Tre typar responsar

Davey introduserer tre ulike responsar som eit språk for å fange mangfaldet i erfaringane.

Det kan vere miljømessige førestillingar: Korleis vindturbinar og andre visuelle former for energiinfrastruktur, og omgjevnadene spelar saman gjennom lys, plassering og komposisjon, og korleis folk justerer rutinar og blikk.

Det kan også dreie seg om emosjonelle reaksjonar: Stoltheit, håp, irritasjon, sorg, ofte samtidig. Meininga er ikkje fast; ho blir skapt i møta, om og om igjen.

Det kan dessutan vere kroppslege erfaringar: Fysiske praksisar og orientering, frå symjing og turgåing til å bruke turbinar som visuelle anker i landskapet.

Kva har det å seie at turbinane er nær?

Det har dukka opp svære turbinar så nær som om lag 600 meter frå bustader. Dermed er dei så nær at dei er synlege for dei som bur der nesten kontinuerleg.

Frå øya Sanday skildrar Davey korleis dei raude luftfartslysa påverkar nattesynet:

– Det kan vere veldig uroande. Vakre utsyn blir brått kryssa av raude linjer, nesten som strobeeffekt, over vatnet og heilt opp i hagen. Det kjennest som det kjem inn i huset.

Vi ser fem vindturbinar med kraftig lyskastarar som lyser opp mørket, og speglar seg i sjøen.

Luftfartslysa på vindturbinane påverkar nattesynet og utsikta. Foto: Neil Gordon Davey

Funn frå Orknøyane viser at folk utviklar eigne, ofte kreative strategiar for å sameksistere med anlegga, men dei peikar òg mot spørsmålet om kven som bør tilpasse seg kven.

Bør slike anlegg leggjast nær der folk bur, med byrdene de kan innebere? Eller bør planlegging, utforming og fordelingsmodellar endrast slik at byrdene blir mindre og gevinstane meir rettferdig delte?

Manglande utsikt til rettferd

Orknøyane blir ofte framstilt som ein grøn føregangsstad. Høg synleg energiproduksjon, men dei lokale har ofte lite nytte av anlegga, få påverknadsmogelegheiter, og energifattigdom som held seg høg.

Dei som bur der har ofte ikkje råd til betre energiforsyning, og må betale uforholdsmessig mykje for lys og varme i høve til inntekta dei har. Dei lever gjerne i gamle og trekkfulle hus, og er avhengige av dyr gass eller dyr straum.

– Om Orknøyane får fleire turbinar og meir av anna energiinfrastruktur som folk ser kvar dag, må noko gjerast med fordelane til lokalsamfunnet.

– Øyane har høge energiprisar. Eg sat hos folk som hella bøtter med kol i omnen, og andre som kløyvde ved på kjøkkengolvet fordi det var for vått ute, med utsikt til fem turbinar som potensielt produserer straum til 10 000 heimar på ei øy med 500 innbyggjarar, fortel Davey.

– Det er ei urettferd der, vil mange meine. 

Med kamera som samtalestartar

Innbyggjarane dokumenterte sine eigne møte med energianlegg og delte bilete og refleksjonar med forskaren.

– Det visuelle utløyser samtalar og kjensler. Når vi ser på deltakarane sine foto, kan dei straks vende tilbake til korleis dei kjende det akkurat då, noko vanlege intervju ofte ikkje fangar, seier Davey.

Han legg til at dagens visuelle konsekvensutgreiingar ofte vert gjorde frå utvalde punkt, ikkje frå stovevindauget, kjøkkenet, pendlarruta eller stranda der folk går tur med hunden. Slike erfaringar bør inn i metodane, meiner han.

Tre stor vindturbinar på lågt lanskap ved sjøen. Mørkegrå skyer i bakgrunnen, men lysare skydekke bak vindturbinane.

Her kan vi sjå at utsynet vert sterkt påverka av energiinfrastruktur. Foto: Neil Gordon Davey

Kan dette vere relevant i Noreg?

Debattar om vindkraft, kraftlinjer og solparkar handlar ofte om kilowattimar, naturinngrep og juss.

Davey si forsking viser at omstillinga òg er kulturell, sanseleg og sosial, og at det levde blikket er avgjerande for aksept, konflikt og medverknad.

– Det viktigaste vi kan gjere annleis i planlegginga, er å integrere erfaringsbaserte metodar som tek utgangspunkt i det folk faktisk ser, føler og gjer i kvardagen mykje tidlegare, og halde fram med det gjennom heile prosessen, seier han.

– Og dersom tiltak faktisk reduserer energikostnader, aksepterer folk dei lettare.

Korleis ta meir omsyn til innbyggjarane?

Korleis kan ein då ta meir omsyn til folk som bur i nærleiken, og gje dei påverknadsmogelegheiter? Davey trekkjer fram dette:

Portrett av Neil Gordon Davey som held kameraet sitt ved sidan av utstilte foto.

Neil Gordon Davey på utstillinga som gjekk inn i prosjektet hans. Foto: Veronica Sønsteby

Biletet øvst i artikkelen er frå Orknøyane med utsikt til vindturbinar, fotografert av Neil Gordon Davey.

Referanse

Neil Gordon Davey: Altered landscapes of a post-carbon future. Exploring local stakeholder experiences and the visuality of energy development on the Orkney Islands. OsloMet Avhandling 2026, nr. 35.

Relaterte saker

Danser bøyer seg bakover med røyk rundt kroppen, og et lysfelt som lyser opp røyken i luften.
Få har sett hvordan turbulens utfolder seg. Nå kan du se det med røyk, lys og dans.

En danseforestilling som gjør turbulens synlig kan vise oss at den er til stede i alle deler av livet – og er nyttig, påvirkbar og noe vi kan leve med.

To solcelleanlegg på sjøen.
Har du hørt om flytende solcelleanlegg? De kan løse framtidens energibehov

I en verden som etterspør nye og bærekraftige energiløsninger, peker flytende solcelleanlegg seg ut som en svært lovende teknologi.

Landskap med omfattende avskoging på en åsside. Trestammer, grener og annet skogsavfall dekker bakken, mens noen grønne trær fortsatt står i bakgrunnen under en klar himmel.
Naturen bygges ned – men nye verktøy kan hjelpe

Dagens metoder for overvåkning av natur er ikke gode nok. Nye verktøy kan hjelpe kommuner med å ta bedre vare på områdene sine.

Publisert: 20.08.2026
Sist oppdatert: 20.08.2026
Tekst: Olav-Johan Øye
Foto: Neil Gordon Davey og Veronica Sønsteby