Forskarar ved By- og regionforskingsinstituttet NIBR ved OsloMet har kartlagt korleis innbyggjarar og aktørar opplever Mysen som fysisk og sosial stad. Analysen viser at bustadstruktur, levekår og lokalsamfunn heng tett saman, og løftar fram utfordringar som kan vera relevante for andre småbyar i Noreg.
– Når vi fortettar sentrum, må vi samstundes sikra møteplassar, rimelege bustader og lågterskeltilbod. Elles risikerer vi å pressa sårbare grupper ut og svekkja fellesskapet, seier Celine Motzfeldt Loades.
Ho er forskar ved NIBR og har leidd prosjektet.
Småby i endring
Mysen i Indre Østfold har fått ei femårig områdesatsing for å betra levekår og livskvalitet. Områdesatsinga skal gå frå 2024 til 2029.
Bakgrunnen er tydelege og samansette utfordringar: høg del låginntektsfamiliar, trongboddheit, ustabile buforhold og aukande barnefattigdom.
Samstundes vert det bygd nye leilegheitskompleks i sentrum, noko som endrar byens sosiale og demografiske profil.
Erfaringane frå Mysen viser kva utfordringar som kan oppstå når småbyar endrar seg.
Sosial inkludering må inn i byutviklinga – òg i mindre byar. Det handlar om å skapa gode livsvilkår for alle, ikkje berre byggja fleire bustader.– Celine Motzfeldt Loades
Kva fann forskarane?
- Rapporten peikar på fleire tiltak med overføringsverdi for andre småbyar:
- Lågterskel møteplassar og fritidstilbod for barn og unge, inkludert gratis utlån av utstyr og matservering.
- Bustadpolitikk som gjev rom for alle, med spreiing av kommunale bustader og bustadsosiale modellar som gjer det mogleg for låginntektsfamiliar å eiga.
- Sterkare samarbeid mellom kommune og frivilligheit for å nå grupper som ofte fell utanfor.
- Medverknad og lokal kunnskap som grunnlag for planlegging.
– Småbyar har ofte sterke lokalsamfunn og frivilligheit, men dei kan vera sårbare for sosiale skilje. Det krev heilskaplege strategiar, seier Loades.
Møteplassar er avgjerande
Mysen har 7000 innbyggjarar og ein høg del leigebustader og låginntektsfamiliar. Bak tala skjuler det seg kvardagsliv. For barn og unge er møteplassar avgjerande.
Rapporten viser at mangel på trygge møteplassar og økonomiske hindringar for fritidsaktivitetar aukar risikoen for utanforskap.
Fleire ungdomar fortel at dei «heng på kjøpesenteret» fordi det ikkje finst alternativ.
Ein ungdom frå Mysen seier at det er svært lite å gjera for unge der, og at han og venene difor reiser mykje til andre stader.
Tiltak som open hall, e-sportarena og gratis utlån av utstyr vert trekte fram som viktige lågterskeltilbod.
Kva er ei områdesatsing?
Ei områdesatsing er ein statleg og kommunal innsats i levekårsutsette område. Målet er å betra levekår og livskvalitet gjennom tiltak innan oppvekst, utdanning, sysselsetjing og nærmiljø.
Bustadpolitikk som nøkkel til inkludering
Men det handlar ikkje berre om fritidstilbod. Bustadpolitikken set rammene for kven som kan bu kvar.
Mysen har ein stor leigemarknad og lågare bustadprisar enn andre delar av kommunen, noko som trekkjer til seg sårbare grupper. Samstundes vert det bygd dyre leilegheiter i sentrum.
Ein informant frå frivillig sektor seier at ein ved å byggja opp sentrum kanskje pressar økonomisk vanskelegstilte lenger og lenger vekk derifrå – og at det er ein måte å «rydda sentrum» på.
Forskarane tilrår difor ein heilskapleg bustadpolitikk som sikrar blanda bumiljø og rimelege bustader.
Kvifor er dette relevant nasjonalt?
Desse utfordringane er ikkje unike for Mysen, men kan òg oppstå i andre småbyar i endring.
Fleire småbyar i Noreg opplever fortetting, tilflytting og demografiske endringar i kombinasjon med levekårsutfordringar.
Dette skapar nye behov for bustadpolitikk, møteplassar og inkluderande strategiar.
– Sosial inkludering må inn i byutviklinga – òg i mindre byar. Det handlar om å skapa gode livsvilkår for alle, ikkje berre byggja fleire bustader, seier Loades.
Heile rapporten er tilgjengeleg i Nasjonalt vitenarkiv (nva.sikt.no).